Meir enn 3000 gjester deltok på Litteraturdagar og opningsarrangementet for Vinjesenteret for dikting og journalistikk.
Vinjesenteret er eit nasjonalt senter for dikting og journalistikk med utgangspunkt i journalistane og diktarane Aasmund Olavsson Vinje, Aslaug Vaa, Tarjei Vesaas og Halldis Moren Vesaas. Det er eit unikt museum i Norden og tilbakemeldingane fra publikum er overveldande.
Senteret ligg like ved E134 og er ope fem dagar i veka.
Vinjesenteret er den tredje arenaen til Nynorsk kultursentrum, og kompletterer og utvidar perspektivet til dei andre arenaene, Haugesenteret i Ulvik og Aasentunet i Ørsta. Saman bidreg arenaene til å nå visjonen om å bringe språk, kultur og kunnskap til heile landet.
Besøk https://www.vinjesenteret.no/ for opningstider og meir informasjon.