Utmarksoppsyn i Vinje

Knut Olav Edland og Rune Århus er tilsett som utmarksoppsyn i Vinje kommune. Dei er uniformerte ute på oppdrag, og blir å treffe i skog og mark frå 15. juni og fram til haustferien.

Oppsynet har ei vertskapsrolle i høve til alle som brukar utmarka i Vinje. Dei driv tilsyn med beitedyr og passar på at aktiviteten i utmarka skjer etter relevante lovverk. Dersom du treffer desse hyggelege karane i marka er det berre å ta kontakt anten spørsmålet gjeld lover og reglar, turtips, planter, sjuke og skadde dyr eller anna du har på hjarte. Dei vil etter kvart få avgrensa politimynde.

Utmarksoppsynet i Vinje er eit samarbeid mellom Vinje kommune, faglaga for landbruket, beitelaga, Rauland Turist og Fylkesmannen i Vestfold og Telemark.  I fyrste omgang er det eit treårig prøveprosjekt for å samle røynsle for eventuell vidareføring seinare. Vinje kommune har arbeidsgjevaransvaret for utmarksoppsynet.

Kontaktinformasjon kjem.