Utmarksoppsyn i Vinje – første i sitt slag i Telemark

Reiseliv og landbruk er hovudsatsing for næringsverksemd i Vinje kommune. Båe næringar nyttar i periodar den same utmarka til same tid – til høvesvis friluftsliv og beitebruk. Man ønsker å sikre at næringane får høve til utøve sine aktivitetar i forståing med kvarandre sine interesser og behov.

Les mer: Helsing frå utmarksoppsynet veke 27

OBS: Vi minner om at vi har utvidet båndtvang til 10. oktober.

Knut Olav Edland og Rune Århus er tilsett som utmarksoppsyn i Vinje kommune. Dei blir å treffe i skog og mark der turfolk og beitedyr ferdast – i frå 15 juni og fram til haustferien. Oppsynet har ei vertskapsrolle i høve til alle som brukar utmarka i Vinje. Dei skal drive tilsyn med beitedyr og passar på at aktiviteten i utmarka skjer etter relevante lovverk. Desse hyggelege karane skal det berre vere å ta kontakt med ute i marka, anten spørsmålet gjeld lover og reglar, turtips, planter, sjuke og skadde dyr eller anna du har på hjarte. Dei er uniformerte ute på oppdrag, og vil etter kvart få avgrensa politimynde.

Utmarksoppsynet i Vinje er eit samarbeid mellom Vinje kommune, faglaga for landbruket, beitelaga, Rauland Turist og Fylkesmannen i Vestfold og Telemark. I fyrste omgang er det eit treårig prøveprosjekt for å samle røynsle for eventuell vidareføring seinare. Vinje kommune har arbeidsgjevaransvaret for utmarksoppsynet.