Tips til vandreturer i haustferien

Hausten er fantastisk på fjellet.

Ta med deg matpakka og nyt haustens fargar ute.

På Rauland og omegn. har me eit bredt spekter med turar som passar for heile familien.

Topp 5 vandreturar i Haustferien:

 

1. Falkeriset

Om turen:
Turen starter på steintrappa ved parkeringsplassen ved Kromvikvegen. Steintrappa gjør stien lett å følge. Det er jevn, lett stigning hele veien gjennom fjellbjørkeskogen og opp til utsiktspunktet på snaufjellet

Lengde:
3 Km

Slik kommer du til Falkeriset:
Fra Rauland sentrum: Følg rv 362 mot Haukeli. Etter 4 km, ta av til høyre mot Kromviki (skiltet). Følg grusveien Kromvikvegen 11 km til en ny parkeringsplass på venstre side, der stien starter. Startpunktet er markert med infotavle og steintrapp. Gratis parkering.

 

2. Vasseventyret

Om turen:
Dette er ein interaktiv opplevingssti – ein turveg litt utanom det vanlege. Her er aktivitetar for liten og stor. Du får vere med superhelten Sildre, ein glad vassdrope, på jakt etter vasspyren Surkula som prøvar å forureine naturen på Haukelifjell.

Lengde:
1,3 Km

Slik kommer du til Vasseventyret:
Turen startar ved Arbuvollen Fjellbutikk og går langs vegen vest for butikken. Turvegen er skilta langs vegen frå parkeringsplassen. Du kan ta med deg barnevogn på heile runden.

 

3. Oksatjønn- Silkedalen

Om turen:
Turen til Vidsyn og vidare rundt Oksatjønn er ei 4 km lang rundløype. Turen startar ved Vierli Kaféteria ved undergangen under fylkesvegen. Følg merka tursti til toppen av Vierlinuten (1100 m.o.h.). Her finn du skulpturen Vidsyn. Følg stien vidare over åskammen mot Oksatjønn. Løypa er delvis opparbeida med grus og går over i tørr sti. Det er nokre myrområder undervegs med klopper. Stien er godt merka og kan forlengast med å gå rundløypa Silkedalen (2 km).

Lengde:
4 Km, + evt. 2 km

Slik kommer du til Oksatjønn:
Parker ved Vierli Kafeteria

 

4. Topptur til Raulandsfjell (Bunuten)

Om turen:
Turen startar ved parkeringa på Raulandsfjell, 700 moh. Du følgjer alpinbakken Simla oppover. Løypa går gjennom småskogsparti, er merka undervegs og du får eit fantastisk utsyn over Rauland undervegs. På toppen av skiheisen er det sett opp benkar til å nyte lunsjen.

Lengde:
3,4 km

Slik kommer du til Bunuten:
Parker ved Raulandsfjell Alpinsenter

 

5. Topptur til Killingnuten (1144 moh)

Om turen:
Turen startar ved parkeringa til Rauland Høgfjellshotell. Du følgjer alpinbakken på sti opp til toppen. Flott skue over Rauland, Møsvatn og over Hardangervidda. Du kan forlenge turen ved å gå over til Vierli og inn mot Oksatjønn, eller inn mot Silkedalen. Det kan vera en del myr og våte parti.

Lengde:
ca 1 km.

Slik kommer du til Killingnuten:
Parker ved Rauland Høgfjellshotell

 

Ynskjer du lengre turar kan det også anbefalast å ta turen til Rjukan for å bestige Gaustatoppen og Lårdalsstigen på Dalen.

Ca 1 times kjøyretur frå Rauland.