Stolpejakt i Vinje frå 18. juli

Vinje kommune har i samarbeid med turistinformasjonane, Vinje IL,  IL Dyre Vaa og ivrige hytteeigarar satt ut 57 stolpar i kommunen. Dette er vårt fyrste år og me er spente på om det blir mange «stolpejegarar» i vår kommune.

Frå 18. juli kl. 08.00 skal alle stolpane være klare for å jaktes på.

Du finn stolpar i Åmot sentrum, Rauland sentrum, sentrum Edland/Haukeli, Raulandsfjell, Vierli og Vågslid.

Stolpejakten er eit lavterskel aktivitetstilbod og ein familievenleg aktivitet for alle aldrar og nivå. Stolpejakten er eit gratis tilbod for alle. Oppgåva er å finne dei 1 m høge trestolpane. Kvar stolpe har ein farga topp med nummer, bokstav og ein QR kode om du vil nytta telefonen.

Dei ulike fargane syner kor vanskelig det er å finne stolpane:

Grøn – Svært lett

Blå – Lett

Raud – Middels

Svart – Vanskeleg

Stolpane kan registrerast på 3 måtar:

1. Skriv kodane og namnet på kartet og lever på tenestetorget før 1. november.

2. Lag deg ein brukar på www.stolpejakten.no og legg kodane inn på di side.

3. Last ned appen Stolpejakten til mobiltelefonen og skann QR kode som du finn på dei ulike stolpane.

Papirkart med kodeskjema kan dykk få på Groven Camping, Rauland Turist og Haukeli Bue. Du kan også  laste ned frå www.stolpejakten.no under kart på «brukarvalg» til høgre på sida etter at du har registrera deg.

Bli med på jakten, er du innom 25 stolpar så blir du med i trekning av 3 premiar, 2 gavekort på kr. 1000,- ( Rauland fjellsport eller på butikkar i Åmot sentrum) og ein kjølebag med spennande innhald.

Hugs å levere skjema til tenestetorget før 1. november om du nyttar manuelt skjema.

Ha ei god jakt!