Toppturar

  1. Husnuten 1609 moh
  2. Breidalseggi 1568 moh
  3. Austare Skarsnut 1518 moh
  4. Heimare Skarsnut 1495moh
  5. Vehuskjerringa 1355 moh
  6. Damtjønnuten 1291moh
  7. Stavsnuten 1245 moh
  8. Sveigefjell 1290 moh
  9. Brattskarsnuten 1203 moh
  10. Falkenuten 1096 moh

Sommer på Rauland

Sommer på Rauland

Denne oversikten er meint til å vere ein inspirasjon for dei som ønsker å utforske fjellheimen rundt Rauland på eiga hand. Oversikten er ikkje meint å skulle gje ein fullstendig informasjon om dei einskilde toppturane, men heller vere med på å få in i gang med å utforske fjella rundt Rauland.

PS:
Nokon av toppturane er anten heilt eller delvis markerte, dei fleste er umerka og fylgjer gamle vegar og stiar. Hugs at over 1400 moh er det stort sett bare stein, og ein må ta seg fram så godt ein kan.

God tur!

1. Husnuten

Frå Bitdalsdammen
Gå over demningen og fylg stien langs vatnet i ca 1 km, fylg etter sti/tråkk opp Fallbrotdalen til Ånundstjønnan. Fylg så ryggen sørover mot toppen.

2. Breidalseggi

Frå parkeringsplassen før bommen på Kromviksvegen
Bratt sti opp nordsiden av Numedalsjuvet via Numedalstjønni og Breidalstjønnan til toppen.

Fra Spjotar
Sti frå liten varde ved vegen til varde på flata etter oppstigning. Til venstre sti opp sørsiden av Breidalen til Breidalstjønnan (delvis blåmerka) Fra Breidalstjønnan fylg naturlig sti mot toppen.

3/4. Austare og Heimare Skarsnut

Frå Kromvikvegen
Fylg sti frå parkeringsplassen før bommen på Kromvikvegen via Numedalstjønni til begge toppene

Fra Rauland Alpinsenter
følg tråkk fra toppen av heisen ved Rauland Alpinsenter (Raulandsfjell) til båe toppane.

5 .Vehuskjerringi

Merka rute fra Vehus. Liten parkering.

6. Damtjønnuten

Frå Tannsosen
Fylg veg/sti frå Tannsosen via Bjønnskarshaugen og Tessungdalsglupen til toppen.

Frå Dyrdal, Øyfjell
Sti frå Dyrdal i Øyfjell mot Fossetjønn. Ta mot høgre ca 1 km frå Fossetjønn via Damtjønn mot toppen.

Frå sørsida av Lognviksvatn
Fylg vei (bom) på sørsida av Lognviksvatn frå Bostaul/ Åvestaul ca 1 km. Fylg sti opp Tessungdalen (søraust side) og fylg stien på høgdedrag mot toppen.

7. Stavsnuten

Fylg veg/traktorvei/sti fraTannsosen via Bekkjebui og Tjønnestaul til varde på venstre side av stien, ca 1 km før Stavsvatn. Rute med vardar opp til toppen.

8. Sveigefjell

Kan starte frå Bitdalsdammen via Stritubakkjuvet og frå Ljosa og Spjotar på Kromvikvegen. Også greit å gå opp Sveigedalen på vegen mot Bitdalsdammen.

9. Brattskarsnuten

Frå Hovdeli
Fylg høgspentlinje rett sør for hyttefeltet. Aust for austenden av Longetjønn fylg sti til enden av vegen frå Lognvik/Fundli. Fylg vegen noen meter og gå stien via Listaul mot toppen
Frå Austbø
Fylg bratt traktorvei til venstre, ca 100 meter frå bruen over Sauarelva til Longetjønn. Sti til austenden av vatnet. Fylg sti til enden av vegen fra Lognvik/Fundli. Fylg vegen nokre meter og ta sti via Listaul mot toppen
Frå Lognvik
Fylg veg ca 150 meter vest for Sagamyri, nesten til enden. Fylg deretter sti via Listaul mot toppen.

10. Falkenuten

Gammel sti
Fylg merka tursti frå parkeringsplass på Kromvikvegen.
Ny steinsti
Fylg ny steinsatt tursti fråa parkeringsplassen som ligger ca 250 meter nærmare Møsvatn.

360 sommer på Rauland

360 sommer på Rauland