Sommarutstilling på Dyre Vaa-samlingane

Publisert: 07.06.2022 13:06

MINNEUTSTILLING av kongsbergkunstnaren og raulandsvenen Gun Mads (1943-2021) på Dyre Vaa-samlingane i Rauland

Opning laurdag 25. juni kl. 14:00. Enkel servering
Tor Johan Bøen spelar «Sju slåttar for fele» (Olav Kielland)

Utstillinga står til 14. august – ope kvar dag frå 11-17. (Stengt måndagar). Dette er i salsutstilling.

Gun Mads blei fødd i Skien og busette seg på Kongsberg. Gun fekk ein sein start på kunstnarvegen – ho var faktisk 47 før ho forsto at ho måtte måle! Morten Krogvold har kalla henne eit renessansemenneskje. Berre synet av noko vakkert kunne få Gun til å gråte. Ho brydde seg lite om kva folk meinte om kunsten hennar. Gun Mads har stilt ut i m.a. i kunstforeningane i Drammen, Kongsberg, Skien og Rauland (2009), Vestre Aker kyrkje og som jazzfestivalutstillar i Kongsberg kyrkje.

Velkommen innom på opninga og elles i sommar.

Arr.: Nærstyret i Dyre Vaa-samlingane og Vest-Telemark Museum

Måleri av Gun Mads