Ekstraordinær båndtvang i Vinje

På bakgrunn av ekstraordinære forhold for viltet er det fastsett utvida bandtvang for hundar i Vinje kommune gjeldande frå 1. februar.

Heimel: Fastsett av Vinje kommune 31. januar 2018 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 6 annet ledd bokstav f.

§ 1.Formål
På bakgrunn av ekstraordinære forhold for viltet vert det fastsett utvida bandtvang for hundar i Vinje kommune.

§ 2.Virkeområde
Forskrifta gjeld for alle hundar i heile kommunen, med unntak for:

– Dressert bufehund når han vert brukt til å vakte bufe.
– Hund i aktiv politi-, toll-, militær- og redningsteneste, eller hund under trening eller prøving for slik teneste.
– Hund i aktiv bruk som ettersøkshund etter skada eller sjukt vilt.
§ 3.Lause hundar
Ein kvar kan oppta hund som er laus i strid med denne forskrift. Syner òg til § 10 og § 15 i hundeloven.

§ 4.Straff
Brot på denne forskrifta er straffbart, jamfør hundeloven § 28.

§ 5.Verknad frå
Denne forskrifta vert sett i kraft 1. februar 2018 og gjeld inntil vidare, men ikkje lenger enn til 1. april 2018, då ordinær bandtvang for hund startar, jamfør hundeloven § 6.