Hytte på Rauland

Ruskenaksjonen 2021 – tysdag 11. mai

Publisert: 21.04.2021 13:04

GRATIS LEVERING AV AVFALL FRÅ HUSHALDABBONENTAR, IKKJE NÆRINGSAVFALL

Våroppryddinga er i full gang og Renovest vil sette ut containerar tysdag 11. mai, på fylgjande stader :​

  • Haukeli industriområde
  • Rauland containerplass (Juvland)

Containerane blir ståande frå kl. 16.00- 19.00.

Her kan du som privatperson levere avfall som kjøl/frys, komfyrar, omnar, anna elektrisk materiell, samt møblar og større hushaldsavfall. (ikkje tre-/rivingsvirke)

NB! Ikkje farleg avfall som: måling, lakk, lim, olje og liknande, eller dekk på felg.

Våre tilsette vil vera til stades for hjelp og rettleiing.

Tiltak i samband med koronaepidemien:
Kvar einskild må sjølv hjelpe til å få avfallet satt på plass inne i containeren. Hald avstand til kvarandre, og følg instruksane som blir gjeve.  Brot på instruksane kan føre til bortvisning.​

Hugs at det er gratis å levere hushaldsavfall til avfallsmottaka (det gjeld ikkje bygg/rivingsavfall og trevirke).
Hovdestadmogen avfallsmottak i Åmot er ope onsdagar kl. 14-19 og fredagar kl. 9-15.
I tillegg er det ope laurdag 29. mai, laurdag 26. juni, laurdag 31. juli og laurdag 28. august,  kl. 09.00-13.00.

For meir info sjå www.renovest.no

NB!!!!! Last ned «Min Renovasjon» app, her finner du hentekalender og annan nyttig informasjon