Raulandsakademiet ligg vakkert til ved Totak og Raulandsfjella og er kjent for sine mange kurs i tradisjonshåndverk. Universitetet i Søraust-Noreg med Campus Rauland, held til her som leigetakar. Raulandsakademiet husar også ein vandrarheim og har eige kjøkken med kantinedrift. Her er og høve til å halde store og små selskap og arrangement. Kjøkkenet er kjend for god heimelaga mat. Telemarkstunet er og ein del av Raulandsakademiet.
Det er stor variasjon i oppgåvene og aktivitetane på Raulandsakademiet. Studentar, tilsette og gjester er lokale, nasjonale og internasjonale.
No søkjer me vikar som reinhaldar og kokk i fast stilling som vil vere med og jobbe for å skape eit unikt og triveleg miljø for våre gjester. Kjenner du deg igjen med skildringa under, vil me gjerne høyre frå deg:
- Du er sjølvstendig og jobbar godt i team
- Du er positiv og serviceorientert
- Du er fleksibel
Vakariatet som reinhaldar kan med moglegheit forlengast. Stillinga som kokk er ledig omgåande.
Kokk 100%
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev som kokk. Relevant erfaring kan vurderast
- Norsk min. nivå B2, skriftleg og munnleg
Som kokk vil du arbeide i turnus i helgar og på kveldar.
For meir informasjon, ta kontakt med kjøkkensjef: Yvonne Minde, tlf: 951 53 469
Reinhald
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev ein fordel, men relevant erfaring og gode referansar vil også telle
- Norsk min. nivå B1, skriftleg og munnleg
Vi kan tilby:
- Eit spennande miljø
- Ein arbeidsplass i utvikling
- Løn etter avtale
Personleg eignaheit vil bli vektlagd.
Oppstart snarast.
For meir informasjon, ta kontakt med dagleg leiar Torhild Naustvik-Jortveit,
tlf 907 90 360
Søknadsfrist: 8. mai 2023
Søknad kan sendast til: post@raulandsakademiet.no