Svartevja i Årestoga

Onsdag 13.3

For 200 år sidan var Gausdal og Fåberg sentrale område for motemusikken. Her var det eit yrande musikkmiljø som engasjerte både «fiffen og folket». Musikken har levd vidare gjennom notenedteikningar, erindringar og ei og anna spelkvinne og -mann.
Mari Skeie Ljones frå Jørstadmoen har lenge tenkt det var på tide at denne musikken blei spelt inn og har jobba med å finne fram ukjende perler. Ho spurde Nina Fjeldet frå Åndsreppen om ho ville vere med å lage plate, og heldigvis hadde Nina tenkt liknande tankar. Men dei ville ha med seg fleire til å spele hitane frå heimbygda, og i lag med lillehammeringane Johannes Selvaag og Camilla Granlien vart Svartevja til.

Fiskestaden Svartevja ligg like ved plassen Mari vaks opp, og var der Hans spelemann mista livet. Gruppa Svartevja spelar låtane som fiffen dansa til på ball, medan bygdafolket stod utanfor vindauget og lytta og såg; og dei spelar springdansen og galoppen som vart spelt på husmannsplassen. Bygdespelemannen var med begge plassar, og det er han som er helten vår!

Johannes Selvaag (fele), Camilla Granlien (vokal/ kontrabass), Nina Fjeldet (fele) og Mari Skeie Ljones (fele)

Sjå musikkvideo her: www.mariskeieljones.com/svartevja

Billettar: kr 250,-/150,-