Studentprisar – overnatting og mat

Prisane gjeld studentar på USN – Campus Rauland i samband med studiesamlingar.

Overnatting:

1-4 netter: kr. 490,- per natt. Enkeltrom m. bad og dusj, sengetøy og handkle.
5 netter (sun-fre): kr. 2100,-. Enkeltrom m. bad og dusj, sengetøy og handkle. (Frå haust 2019)

Mat er ikkje inkludert i overnattingspakker. I overnattingsfløyen har vi tre te-kjøken m. kjøleskap, vask og vasskokar og eit lite gjestekjøken med kjøkenutstyr til matlaging. Frå hausten 2019 tilbyr vi fylgjande måltidspakker.

Måltidspakker:

Frukostpakke: Frukostbuffet fem dagar (mån-fre) kr. 350,- (Vanleg pris kr. 90,-)
Middagspakke: Middag mån-tors kr. 600,- inkl. buffet med heimelaga hovudrett og tilbehør. Kaffe og dessert i tillegg. (Vanleg pris kr. 180,- for studentar)

Bestilling:
Du kan bestille overnatting og måltidspakker på epost ([email protected]) eller telefon (35073292).

Hund er tillatt mot eit gebyr på kr. 250,- per opphald. Du må bestille rom tilpasset for hund før ankomst.
Avbestilling av overnatting: Gratis avbestilling seinast 1 arbeidsdag før ankomst. Du må betale for eitt døgn (kr. 490,-) om du ikkje møter opp, eller avbestiller på ankomstdagen.