Raulandsakademiet søker bookingansvarleg 100% fast stilling

Publisert: 31.10.2024 14:10

Raulandsakademiet ligg vakkert til ved Totak og Raulandsfjella og er kjent for sine mange kurs i tradisjonshåndverk. Universitetet i Søraust-Norge (USN) med Campus Rauland, held til her som leigetakar. Raulandsakademiet husar også eit hostel og har eige kjøkken med kantinedrift. Her er høve til å halde store og små selskap og ulike arrangement. Telemarkstunet er og ein del av Raulandsakademiet.

Det er stor variasjon i oppgåvene og aktivitetane på Raulandsakademiet. Studentar, tilsette og gjester er lokale, nasjonale og internasjonale.

No søkjer me etter

Bookingansvarleg 100% fast stilling

Resepsjonen er gjester og studentar sitt fyrste møte med Raulandsakademiet og Campus Rauland. Her møter du alle typer menneske. Arbeidsoppgåvene er allsidige, varierte og utfordrande!

Etter mange år på Raulandsakademiet, vil vår bookingansvarlege pensjonere seg. Difor søkjer me etter ein ny kollega. Om dette triggar noko i deg – er kanskje du den nye personen me søkjer etter?

Arbeidsoppgåver vil vere knytt til

  • Å handtere daglege bestillingar i bookingsystem, på e-post og telefon
  • Planlegging og gjennomføring av bestillingar
  • Å betjene sentralbordet
  • Å ha direkte kontakt med kundar, studentar og tilsette
  • Å ha dagleg kontakt med kjøkkenet
  • Å ha oversikt over kva som skjer til ei kvar tid og syte for at dette blir kommunisert internt
  • Personalplanlegging
  • Ulike andre oppgåver i samarbeid med kurs -og salsansvarleg

Kvalifikasjoner

  • Det er ynskjeleg med utdanning og/eller erfaring frå reiseliv, sal eller service
  • Utdanning på bachelornivå er ein fordel
  • God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne, norsknivå min. B2
  • God kjennskap til bruk av data

Personlege eigenskaper

  • Du er sjølvstendig og løysingsorientert
  • Du evner å jobbe konstruktivt under press
  • Du er strukturert og jobbar systematisk, samstundes som du er fleksibel
  • Du er lagspelar og bidreg til å skape gode samarbeidsrelasjonar

Personlege eigenskaper vil bli lagt vekt på.

Me kan tilby

  • Eit triveleg arbeidsmiljø
  • Allsidige arbeidsoppgåver i eit miljø rikt på mangfold
  • Løn etter avtale

 

For meir informasjon om stillinga, ta gjerne kontakt med dagleg leiar, Torhild Naustvik-Jortveit, tlf: 907 90 360

Søknadsfrist: 17. november 2024

Søknad kan sendast til: [email protected]