Stein Versto og Øystein Romtveit i Årestoga

 

Onsdag 15.5

Øystein Romtveit, myllarætling, frå Vinje har i hovudsak lært av far sin, Tarjei. Han har eit eggjande spel, god dansar som han er sjølv. I ein del år har det vore lite å høyre frå han. Sumaren 2018 valde han til stor glede for å mange å stande på ein scene og spela att, då var det tolv år sidan sist.

Stein Versto har og vore litt til og frå i høve til det å stå fram for publikum. Den som synte Versto «sud og nord» på fela var i si tid Tarjei Romtveit. I dag kjenner me Stein fyrst og fremst som dyrkar av tradisjonen etter Eivind Mo, men i ungdomen var og Kjetil Løndal og Bjarne Herrefoss viktige inspiratorar.

– Hardingfele-vener, vask øyro og møt fram, oppmodar arrangøren; Folkemusikkscena på Rauland.

Billettar: kr 250,-/150,-