Ledig stilling – kursansvarleg

Publisert: 26.04.2021 14:04

Raulandsakademiet er ein kursstad, som mellom anna tilbyr kurs i tradisjonelle handverksteknikkar. I same lokale som USN sitt institutt for folkemusikk og tradisjonskunst, finn ein eit unikt miljø der ein  kan studere på heiltid eller  ta korte kurs innan ulike emne. Rauland Vandrarheim,  som har ope for overnatting og servering heile året, finn ein og på staden.

Då kursansvarleg går ut i foreldrepermisjon i oktober, søker me etter ein vikar for henne i vel eitt år, frå ca 1.juli 2021.

Hovudansvarsområde:

  • Kursadmininstrasjon. Leie  sommar- og haustkurs.  Søke støtte, rapportere.
  • Marknadsføring, booking og salg av kurs og overnatting. Gruppebestillingar.
  • Sosiale media.

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning/erfaring/interesse innan  handverk,  marknadsføring og salg.
  • Gode datakunnskaper
  • Må kunne snakke og skrive norsk og engelsk.

Vi tilbyr løn etter avtale og kvalifikasjonar. Eit hyggeleg og til tider hektisk arbeidsmiljø.

Søknadsfrist 15.mai 2021.

Interessert? Kontakt dagleg leiar  Marit Jortveit på tlf 35073292 eller [email protected]