Ledig stilling – Kokk

KOKK 100% fast stilling

Stillinga er ledig frå 1. mars. Me søker ein god kokk som må kunne jobbe sjølvstendig og saman med andre, like å stå på i periodar, og vere ein positiv bidragsytar til miljøet på staden.
Turnus med arbeid kvar 3.helg. Må vere fleksibel m.o.t arbeidsmengde og -tid. Må kunne snakke og skrive norsk.
Løn etter avtale.

Spørsmål om stillinga kan rettast til kjøkkensjef Ragnhild Solbu eller dagleg leiar Marit Jortveit, tlf. 35 07 32 92.
Send søknad med attestar til Raulandsakademiet A/S, Akademiet 2, 3864 RAULAND eller på e-post [email protected], innan 31.desember 2018.

Raulandsakademiet driv med kurs, overnatting, kantine, selskap og ulike arrangement. Universitetet i Søraust-Noreg, Campus Rauland, held til her som leigetakar.