Landskappleiken kjem tilbake til Telemark

I tida 24.-28. juni 2020 er Landskappleiken tilbake i Telemark. Denne gongen blir dette store folkemusikkarrangementet på Rjukan i Tinn.

– Vi gler oss veldig over å ha fått den fyrste landskappleiken i historia i Tinn. Dette er eit enormt dugnadsprosjekt. Men alle er positive, så dette skal me få til, seier kappleiksgeneral Øystein Haugen.

Landskappleiken 2020 er eit samarbeid mellom lag i Tinn, Gransherad, Rauland og Seljord. Tinn spelemannslag, Falkeriset folkemusikklag, Seljord folkemusikklag og Gransherad spel- og dansarlag er dei fire arrangørlaga som står ansvarlege saman med FolkOrg.

Det krevst rundt 500 friviljuge for å arrangere ein landskappleik. – Vi må hente folk langt ut over eigne rekkjer for å få dette i hamn. Det trengs folk både til å styre parkering, selje mat, hente utøvarar og rydde stolar for å nemne noko, seier Øystein. Gjennom fem dagar skal det tevlast i kveding, spel og dans på Rjukan. Hovudarenaen blir på toppen av ein kraftstasjon – Såheimhallen sentralt i Rjukan sentrum. Men nokre tevlingar blir også på Verdensteateret Rjukan kino. Hovudnemnda er sett saman av røynde kappleiksfolk frå dei fire arrangørlaga. Dei har møte ein gong i månaden på Rjukan for å planlegge ein så god kappleik som mogleg.

– Det har mest ikkje vore nei å få når me har snakka med det lokale næringslivet om å vere sponsorar. Alle stiller opp med pengar, lokale eller utstyr. Me reknar med å sitte att med ein god del pengar som me kan bruke på vidare rekruttering til folkemusikken i Telemark, seier Øystein Haugen.

Under Landskappleiken 2020 blir det ei rekkje musikalske høgdepunkt. Årleg samlast om lag 1000 aktive spelemenn, songarar og dansarar til kappleik i slutten av juni. Det blir finale i durspel og eldre folkemusikkinstrument og kongepokal i durspel.

I tillegg blir det Opus 72-konsert med Arve Tellefsen og Knut Buen på Vemork, kvedarcruise på Tinnsjøen og sjokoladekappleik for dei yngste. Det er venta 5-7000 gjester til Tinn når det blir arrangert Landskappleik for fyrste gong i Vestfjorddalen. Då treng ein det ein kan samle av overnattingsstader. Visit Rjukan har hand om bookinga og er alt godt i gang. – Men me treng også privat innkvartering. Har du ei seng ledig 24-28. juni så legg den gjerne ut på Finn.no eller Airbnb, avsluttar kappleiksgeneralen.