fredag 7. juni

Vårslepp: Eksamensutstilling på Raulandsakademiet

Eit innhaldsrikt program med konsertar, utstillingar og forestillinga «Vårslepp» står på programmet når Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk, USN, Rauland, opnar dørene 7.-8. juni!

Eksamensutstilling:

  • Utstillingsopning fredag kl. 17.00
  • Utstillinga er ope fredag kl. 17.00-19.00 og laurdag kl. 13.00-16.00
  • Utstilling av studentarbeid: Master i tradisjonskunst, Bachelor (tre, metall, tekstil), Design, redesign og saum av klede, Kreativ maskinstrikk

Inngang kr 100,- / 50,- studentar og ungdom ned til 15år / gratis under 15 år. Førehandssal av billettar her: https://ebillett.no/vinjekommune/277
Billetten gjeld for utstilling fredag og laurdag

Dansekonsert med Madam Jam
Med banebrytande runddansmusikk har Madam Jam på svært kort tid engasjert eit heilt folkemusikkmiljø. Er vi vitne til ei ny gammaldansbølge?
Dei sju musikarane i Madam Jam har vekt mykje åtgaum etter at dei lanserte debutalbumet «van danse» sommaren 2023. Fengjande melodiar, frekke rytmar i gitar og banjo og krutsterk danseappell er nokon av grunnane til det. Sjølv om hjarta ligg den tradisjonelle
runddansmusikken nær, er ikkje Madam Jam redde for å leggje til nye musikalske element i sjangeren. Og målet for gruppa er alltid å skape god stemning og danseglede!
Meir info: https://fb.me/e/1Rqbz7E8z

Arr. Folkemusikkscena på Rauland
Inngang kr 250,- / 150,- studentar og ungdom ned til 15år. Førehandssal av billettar her: https://ebillett.no/vinjekommune/278

Vårslepp:
Laurdag 8. juni, kl. 17.00

Sjølvaste høgdepunktet! Ei forestilling med levande musikk, dans og framsyning av klede, metall- og trearbeid.

Inngang kr 200,- / 100,- studentar og ungdom ned til 15år / gratis under 15 år.
Førehandssal av billettar her: https://ebillett.no/vinjekommune/279

Datofredag 7. juni
TidspunktHele dagen