Start dato: 24.07.2023
Slutt dato: 30.07.2022
Kursnr.: 2385
Lærar: Eli Taugbøl
Påmeldingsfrist: 12. juni
Fullt! Ved påmelding blir du satt på venteliste.
Fellesinformasjon om kursavgift, overnatting og undervisningstid
Les korleis du kan få 10% rabatt!
Påmelding
Dette er eit vidarekomede kurs i filigran. Kurset passar for dei som har eit godt grunnlag og erfaring med sølvarbeid og filigran frå før.
Kursplan: Deltakarane arbeider med eigne prosjekt og får vegleiing. Om ein ynsker ei ny oppgåve melder deltakar frå til Eli, og saman blir deltakarar og lærar einige om t.d. to felles oppgåver ein kan velgje mellom. (Lærar sitt framlegg: rosesylgje eller maler) Det vil også vere tilbod om innføring i enkel gravering for dei som ynsker det.
Mål: Gje den einskilde tryggleik til å bli meir sjølvstendig. Gjere ferdig arbeider som har blitt liggande pga oppståtte hindringar eller usikkerheit om beste løysing. Gje ei innføring i enkel graveringsteknikk med spisstikkel og trambulering med flatstikkel. Dele erfaringar og hjelpe kvarandre.
Ant. timar med lærar: 40
Spesielle krav: Du må ha erfaring med filigran frå før. Filigran består av mange små detaljar, så det er viktig å sjå godt. Ta gjerne med briller eller lupe ved behov.
Studiemateriell:
Sjå verktøyliste
Ein spiss og ein flat stikkel. Vi tilpasser, monterer og setter opp stikkelen på kurset.
Ta med skrivesaker og lighter
Lesemateriell:
‘Filigran’ av Marit Andersen.
Utstyr får du kjøpt hos:
Grenland stein og sølv har alt (både sølv og verktøy) som trengs til filigranskurset og de leverer meget raskt Grenland Stein og sølv, Storgata 211, 3912 Porsgrunn, Tlf. 35550472, 35558654
- A. Rasmussen AS, Postboks 4455, 2326 Hamar. Tlf. 62512710. (har både sølv og verktøy)
Edeltek AS. Lysernveien 790, Spydeberg. Tif. 69837555 (har både sølv og verktøy)
Nogusra A/S, Hovfaret 17 A, pb. 311 Skøyen, 0212 Oslo, tlf. 22506290 (har både sølv og verktøy).
Max Johanson eftf. As, Postboks 50, Tveita, 0617 Oslo. Tlf. 24149770 (har verktøy og halvfabrikata).
Norsk Edelmetall AS, Jernbaneveien 6A, 1400 Ski
Vi gjer merksam på:
- Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og frå arrangør. Trykksaker til undervisningsføremål.
- Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.
Arbeidsform: Litt fellesundervisning og mykje individuell rettleiing.
Fellesinformasjon om kursavgift, overnatting og undervisningstid
Lærar: Eli Taugbøl
Tlf.: 99647076
E-post: eli.gullsmed@gmail.com
Facebook: https://www.facebook.com/media/set/?vanity=488378621218621&set=a.708253589231122