onsdag 25. september, kl 20:00

Ross Couper & Tom Oakes (UK) i Årestoga

Ross Couper (fele) og Tom Oakes (gitar) kjem frå Shetland og Devon i Storbritannia, og har spela saman i mest ti år. Dei har utvikla ein telepatisk spelestil som har ført til turnéar over heile Australia, Danmark, Sverige, Noreg og Storbritannia. Musikken deira er ærleg og sjarmerande, og er påverka av alt frå shetlandsk folkemusikk til arabisk hiphop, irsk tradisjonsmusikk og skandinavisk jazz.

Billettar: kr 250,-/150,-

Datoonsdag 25. september
Tidspunktkl 20:00 - 23:00