Partering av vilt, matrettar

Start dato: 1.11.2018
Slutt dato: 4.11.2018
Påmeldingsfrist 20 september
Kursnr.: 1816
Lærar: Harald Sveen

Kurset er avlyst
Påmelding

På dette kurset skal vi nytte heile dyret. Deltakarne får utdelt eit slakt og får vera med å partere. Det blir truleg hjort. Du lærer standard partering og tar ut steiker, biffar, filetar og grytekjøt. Av kjøtet lagar vi pølser, hjorterull, pinnekjøt av hjort m.m. Deltakarane får med seg heim det som blir laga på kurset. I tillegg til kursprisen kjem råvarepris. Harald Sveen driv Hjembu gård ved Risør. http://www.hjembu.no/

Kurs frå torsdag kl 19 til sundag kl 15. Påmeldingsfrist 20 September.

Ynskjer du 10% rabatt på kursavgifta?

Velg mellom fylgjande måtar for å få rabatt.

 

Kursplan:

Mål: Du lærer standard partering og tar ut steiker, biffar, filetar og grytekjøt. Av kjøtet lagar vi pølser, hjorterull, pinnekjøt av hjort m.m.

Ant. timar med lærar 22

Spesielle krav: Ingen, berre interesse for faget

Innhald/dagsplan:

Undervisningstid

Torsdag 1900-2100. Fyrst felles informasjon i Vesaassalen, deretter startar kurset på verkstaden.

Fredag og laurdag: kurs 0830-1600. Lunchpause 1200-1245

Sundag : kurs 0830-1500

Deltakarane får med seg heim ferdig bearbeidd kjøt.

 

Studiematriell:

Forkle og hodetørkle. Skrivesaker.

God skarp kniv og stor skjerefjøl dersom du har.

Baljer eller liknande til å ta med ferdige produkt heim.

Husk å merk private saker med namn.

Avhengig av råvaretilgang og kva slag dyr som blir partert, kan råvarekostnaden bli ca kr 3000 per deltakar.

Vi gjer merksam på:

•           Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.

•           Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.

ArbeidsformFellesundervisning og individuell rettleiing.

Pris: Kurs kr. 3950,- Opphald og mat i 3 døger kr. 3150,-

Lærar         Harald Sveen

Tlf.: Telefon: 970 10 100

Adresse:   Hjembu Gård, Hjembuveien 15, 4950 Risør

E-post:  [email protected]


Tags:

Date

01 nov 2018 - 04 nov 2018

Time

All of the day
Kategorier

Skipass?

KJØP HER
2°C
0 cm
Webcams
Tracks
0/18
0/48
Kart Map
SIST OPPDATERT
02:30 14.11.18

Visit Rauland