Folkemusikkscena på Rauland ynskjer velkomen til dansekonsert i Vinjesalen med Madam Jam. Konserten er i samband med Vårslepp – semesteravslutning for studentane på USN, Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk. Kom tidleg og få med deg studentutstillinga.
Med banebrytande runddansmusikk har Madam Jam på svært kort tid engasjert eit heilt folkemusikkmiljø. Er vi vitne til ei ny gammaldansbølge?
Dei sju musikarane i Madam Jam har vekt mykje åtgaum etter at dei lanserte debutalbumet «van danse» sommaren 2023. Fengjande melodiar, frekke rytmar i gitar og banjo og krutsterk danseappell er nokon av grunnane til det. Sjølv om hjarta ligg den tradisjonelle
runddansmusikken nær, er ikkje Madam Jam redde for å leggje til nye musikalske element i sjangeren. Og målet for gruppa er alltid å skape god stemning og danseglede!
Debutalbumet til Madam Jam vart heidra med Folkelarmprisen i kategorien Dansespel i 2023.
Medverkande:
Steinar Odde – banjo
Pål Bratås – durspel, trekkspel
Øyvind Sandum – durspel, trekkspel
Gro Visdal – kontrabass
Bjørn Kåre Odde – fele, bratsj, hardingfele
Geir Byre – gitar
Kristen Bratås, piano, el-gitar, slagverk
Billettar (førehandssal og i døra) 250,- / studentar 150,-
Foto: Thomas Westling – FolkOrg