mandag 26. juli

Gyllenlêr, grunnkurs

Start dato: 26.07.2021
Slutt dato: 01.08.2021
Kursnr.: 2121
Lærar: Mona Norheim
Påmeldingsfrist: 14. juni

Fellesinformasjon om kursavgift, overnatting og undervisningstid

Les korleis du kan få 10% rabatt

Påmelding

Gyllenlêr vert mellom anna nytta til bokbind, mapper, vesker, lommebøker, smykke og bokmerke. På kister, skrin, peispustar og etui. Til sko, messehakel, ikon, krakkar og stolar. Som tapet, dekor i nisjer i vegg, og på skap og dører. Og til dømes ramma inn som bilete. Gyllenlêr er garva skinn der ein arbeider inn eit mønster som vert ståande i relieff. Skinnstykket vert dekka med bladmetall og malt med oljefargar på ein måte som tek vare på gløden i metallet.

Mål: Kurset skal gje deltakarane grunnleggande innføring i kunsten å skapa gyllenlêr.

Ant. timar 42

Spesielle krav: Ikkje anna enn eit ønskje om å læra dette kunsthåndverket

Innhald/dagsplan:

Studiematriell:

Til gyllenlêr vert nytta vegetabilsk garva skinn av kalv, kvige eller okse. Vi teiknar/kopierer mønsteret over på teiknefolie som toler overføringa til lêret. Verktøyet som skal til for å skapa relieff av mønsteret i skinnet er rissejern, kulejern og pregejern. Dette er kjekt arbeid. Når relieffet er ferdig forma vert porene i skinnet tetta med politur eller gelatin. Då kan vi stryke gullgrunn (ein type lim) over for å ha feste for bladmetallet som skal leggjast på. Etter eit strøk med gullferniss over metallet kan vi ta til med malinga, og her kan kvar og ein utfalda seg med fargane. Vi nyttar vanlege oljefarger. Rembrandt, Van Gogh eller andre oljefargar.

Dette skal alle ha med:

  • skriveblokk
  • saks
  • blyant
  • viskelêr
  • blyantkvessar
  • permanent tynn tusjpenn str. 0,2 – 0,5 (til å teikne av mønster for dei som ikkje bruker blyant)
  • frysetape/maskeringstape 2,5 cm
  • mjuk fille (frå t.d. ei kassert T-skjorte)
  • skumgummibit på om lag 20x10x5 cm
  • sugerøyr
  • vid kopp/skål (t.d. flat, tom rekeboks 300g m/lok)
  • palett (glasplate, plastlok eller liknande med diameter t.d. 20 cm)
  • flytande grønsåpe (til penselvask)
  • torky (tørkerull som ikkje støvar)
  • forkle

Vi skal arbeida med to skinn. Lêr-stykke nr. 1 – som er lite – der vi får tid til å gjera alle prosessane, og lêr-stykke  nr. 2 som vi kan halda på med når nr. 1 skal tørke/kvile. Kanskje nokon òg vil arbeida utanom kurstida. Dersom du har noko du ønskjer å ha gyllenlêr på/til, så ta det med, eller ta foto og mål av det. Då kan vi finna eit mønster som passar. Om de ikkje har spesielle ønskje held vi oss til A5, A4 eller ein annan storleik som fell i smak.

Dette skaffar læraren:

  • Skinnstykke – eit i A5 og eit i A4 format (tar med ekstra skinn om nokon vil laga større arbeid)
  • Mønster (ta med mønster sjølv; om du har eit du vil laga gyllenlêr av)
  • Teiknefolie
  • Rissejern, pregejern og kulejern
  • Politur, gullgrunn, ferniss og malemiddel
  • Bladmetall (gull, aluminium)
  • Penslar, palettkoppar
  • metallpenn (til overføringa av mønsteret)
  • Rødsprit og rein vegetabilsk terpentin
  • Oljefargar: kvit, svart, gul oker, mørk krapplakk, rå umbra, brent umbra, asphaltum, preusserblå, grøn jord.
  • Malestav

Pris kr. 3 500. Sei ifrå til læraren om du ikkje treng noko av dette innen utgangen av mai, slik at ho slepp å kjøpe inn for mykje.

Vi gjer merksam på:

  • Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.
  • Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.

Arbeidsform:

Forelesning og individuell rettledning.

Fellesinformasjon om kursavgift, overnatting og undervisningstid

Lærar: Mona Norheim

Tlf.:

Adresse: Gamlevegen 69, 5590 Etne

E-post: [email protected]

 

Sjå bilete av gyllenler på Norges Gyllenlærlaug si facebookside.

https://www.facebook.com/search/top/?q=norges%20gyllenl%C3%A6rlaug

Sjå innslag I Norge rundt: https://tv.nrk.no/serie/norge-rundt#t=14m32s

 

 

Datomandag 26. juli
TidspunktHele dagen