lørdag 5. august, kl 15:00

Treskjering, dragestil

Start dato: 31.07.2023
Slutt dato: 06.082023
Kursnr.: 2312
Lærar: Anneli Engeland

Påmeldingsfrist: 19. juni

Fellesinformasjon om kursavgift, overnatting og undervisningstid

Les korleis du kan få 10% rabatt!

Påmelding

På kurset blir det undervist i dragestil inspirert av stilen utvikla av Lars Kinsarvik og Magnus Dagestad. Du får opplæring i materiallære og sliping av jern. Bruk av kontursag og overfres. Du får grunnleggande opplæring i dragestil. Kurset høver for både nye og øvde treskjerarar. Det blir faste oppgåver frå kurslærar. Anneli Engeland driv eigen treskjerarverkstad på Voss.

Materialutlegg ca 800 kr. Leige av jern kr 300,-.

Mål: Å gje grunnleggande opplæring i å skjære dragestil.

 Ant. timar m/lærar: 42

 Spesielle krav: Ingen

 Innhald/dagsplan

Måndag kveld. Orientering om kurset. Gjera seg kjend på verkstaden, verktøy og materialer. Bli kjend med kvarandre, kva slag erfaringar og forventningar har kvar einskildt? Sikkerhetsreglar.

Tysdag. Påteikning av mønster, materiallære.

Onsdag. Litt om jerna, skjæring. Sliping av jern.

Torsdag. Skjæring. Bruk av kontursag og overfres.

Fredag. Skjæring.

Laurdag. Skjæring, gjera ting ferdig.

Sundag. Gjera arbeidet ferdig. Snakke om korleis ein kan jobba vidare på eigne hand.

Oppsummering og rydding.

 

 Studiemateriell:

Ta med treskjærarjern, blyant (HB), viskelær og notatblokk eller skisseblokk.

Jern kan leigast for kr 300.-

Materialpris ca 800 kr.

 Bøker:

«Treskjering» av Knut Engeland kr 300.-

» Treskjærings mønster» av Knut Engeland kr 360,-

 Arbeidsform: Fellesundervisning om materiallære og sliping av jern. Individuell hjelp til skjæring

 

Vi gjer merksam på: Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.

Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.

 

Fellesinformasjon om kursavgift, overnatting og undervisningstid

 

Lærar: Anneli Brekke Engeland

Adresse: Nadlane 41, 5708 Voss

Tlf.: 415 11 954

E-post: [email protected]

 

 

Datolørdag 5. august
Tidspunktkl 15:00 - 12:00