Einrader, bygging av to durspel

Start dato 9.2.2018

Slutt dato 15.2.2018

Kursnummer 1891

Lærar Emmanuel Pariselle

Påmelding

Høgskolen i Søraust-Noreg har bestilt to einrada trekkspel til folkemusikkstudiet i Rauland. Du kan vere med å delta i bygginga av desse! Du får eit godt innsyn i korleis denne typen trekkspel  er konstruert og korleis ein går fram dersom ein seinare vil byggje seg eit slik instrument.

Kurs frå fredag 9 februar  kl 19 til torsdag 15 februar kl 14

Lærar er Emmanuel Pariselle frå Frankrike og han har tidlegare hatt trekkspelbyggekurs ved HSN. Med seg har han Mikas Dominas frå Litauen. Undervisninga er på engelsk. Du vil og få prøvespele liknande instrument og lære enkle melodiar dersom du aldri har spelt på dette instrumentet før.

Dette kurset er arranger av HSN, Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk I samband med vinterfestivalen. Denne veka er det også konsertar og workshops I dans og musikk bade frå Noreg og andre land. Les meir om vinterfestivalen  www.usn.no/vinterfestivalen

Stadfestingsbrev og faktura blir sendt frå Instituttet. [email protected]  tlf 35952900.

Kursplan:

Mål: Å gje grunnleggjande innsikt i korleis eit einrada trekkspel blir bygd.

Ant. timar: 26 timar med lærar

Spesielle krav: Ingen

Dagsplan:

Fredag 1900 – 2100

Laurdag – torsdag 0900 – 1400.

Studiemateriell: Ta med notatblokk og kamera (mobiltelefon).

Arbeidsform: Fellesundervisning.

Pris på kurset:  Kr.1000,- (gratis for studentar på Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk på Rauland).

Opphald og mat: Ta kontakt med Raulandsakademiet, dersom du trenge overnatting og mat under kurset. tlf 35073292, [email protected]

Lærar:    Emmanuel Pariselle og Mikas Dominas

Facebook:       https://www.facebook.com/emmanuel.pariselle

 

Tags:

Date

09 feb 2018 - 15 feb 2018

Time

All of the day
Kategorier

Skipass?

KJØP HER
°C
0 cm
Webcams
Tracks
0/18
0/49
Kart Map
SIST OPPDATERT
00:00 01.01.00

Visit Rauland