Brikkeveving i vevstol

Start: 27.09.2018
Slutt: 30.09.2018

Påmeldingsfrist 16. august 

Lærar: Svanaug Staurheim

Kursnummer: 1814

Påmeldingsfrist: 16. august
Påmelding

På dette kurset set vi opp brikkeveven i ein stor vevstol. Fordelen med å seta opp i ein stor vevstol er at ein får god strekk på trådane, ein får god arbeidstilling og kan lett går til og frå arbeidet. På kurset går vi gjennom: mykje historikk rundt brikkeveving, teikne mønster, lage renning, tre i brikkene, sveipe på, veve, og dersom det blir tid, lære avslutningar og lage duskar. Du bør ha kjennskap til brikkevevteknikken for å bli med på kurset. Vi reknar med at du skal få tid til å lage eit hårband eller eit smalt belte på kurset. Svanaug Staurheim er busett i Skien, er utdanna aktivitør og har arbeidd med brikkeveving sidan 70-talet. Ho har undervist brikkeveving i 15 år.

Kurs frå torsdag kl 19 til sundag kl 15.
Påmeldingsfrist 16. august

Spesielle krav: Du bør ha kjennskap til brikkevevteknikken.

Innhald/dagsplan:

Undervisningstid:
Torsdag kl 19-20
Fredag – laurdag kl. 8.30-16. Lunsjpause 12 -13
Sundag kl. 8.30-15

Studiematriell:

Kurset foregår i ein godt utstyrt vevsal med ein vevstol til kvar deltakar. Vevsalen ligg på Dyre Vaa museet/huset. Det er ca 500 meter å gå mellom Raulandsakademiet og vevsalen.

Ta med:

Minst 30 stk. 4-hols brikker

Skrivesaker, fargeblyantar og ruteblokk

Vevskyttel dersom du har.

Du får kjøpt på kurset:

Brikker får du kjøpt på Raulandsakademiet, kr 10 per brikke

Vevskyttel får du kjøpt av Svanaug ca kr 150.-

Ullgarn som høver til brikkevevde hårband og belte, (beltegarn) får du kjøpt av Svanaug. Ca kr 200 per hårband.

Vi gjer merksam på:

• Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.

• Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.

Arbeidsform:

Fellesundervising og individuelle rettleiing.

Pris: Kurs kr. 3950.-

Opphald og mat 3 døgn kr 3150.-

Lærar: Svanaug Staurheim

Tlf.: 92260491

Adresse: Fjelldalveien 154, 3721 Skien

E-post: [email protected]

Facebook: Svanaug Staurheim er på Facebook

Ynskjer du 10% rabatt på kursavgifta?

Velg mellom fylgjande måtar for å få rabatt.

  • 00

    days

  • 00

    hours

  • 00

    minutes

  • 00

    seconds

Tags:

Date

27 sep 2018 - 30 sep 2018

Time

All of the day
Kategorier

Skipass?

KJØP HER
°C
0 cm
Webcams
Tracks
0/18
0/49
Kart Map
SIST OPPDATERT
00:00 01.01.00

Visit Rauland