- ivar øksendal
Start dato: 26.07.2021
Slutt dato: 01.08.2021
Kursnr.: 2135
Lærar: Ivar Øksendal
Påmeldingsfrist: 14. juni
Fellesinformasjon om kursavgift, overnatting og undervisningstid
Les korleis du kan få 10% rabatt!
PåmeldingLag dine eigne kunstverk med akvarell! Å male akvarell ser kanskje lett ut? Men her er det mykje å lære….. Du blir kjent med ulike akvarellteknikkar. Vi målar akvarell både ute og inne, landskap, oppstilling m.m.
Ivar Øksendal er utdanna frå Statens Kunst-og Handverkskole og Statens Kunstakademi, har hatt mange separatutstillingar og er innkjøpt av fleire galleri.
Kursplan:
Mål: Å gje ein innføring i akvarellteknikkane
Ant. timar med lærar: 42
Spesielle krav: Kurset passer for alle, om du har erfaring eller ei.
Innhald/dagsplan:
Undervisningstid:
Emne vi vil koma innom under kurset:
- Utstyr og materiallære
- Maleteknikkar og penselføring
- Komposisjon og bildebygging
- Tre former for perspektiv
- «Den kreative prosess»
- Praktiske øvelsar og ferdiggjøring
- Landskap, stilleben og portrett mm.
Kursdagen tek til med innleiande foredrag og undervisning. Vi arbeider med akvarell med forskjellige motiv.
Studiematriell:
Deltakarane bør ha med seg:
- Skrin med akvarellfarger
- Akvarellpenslar
- Akvarellpapir av «god kvalitet»
- Glass med lokk til vann (eit reint syltetøyglass eller liknande)
- Blyant og viskelær
- Maskeringsteip
- Tørkepapir
- Saks
- Tapetkniv/ skjærekniv
- Plate til å arbeide på ute. Ei plate av huntonitt eller finèr f.eks. 40×50 cm.
- Hårfønar dersom du har
- Liten ryggsekk og ein campingstol for å arbeide ute dersom det er vær til det.
Det er mogeleg å få kjøpt akvarellpensler, akvarellpapir og akvarellfarger på kurset.
Vi gjer merksam på:
• Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.
• Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.
Arbeidsform: Du får korrektur under arbeidet og ei oppsummering i plenum etter kvar av øvingane.
Dersom det er ver til det kan vi arbeide ute, eller vi arbeider inne.
Fellesinformasjon om kursavgift, overnatting og undervisningstid
Lærar: Ivar Øksendal
Tlf.: 40490508
Adresse: Sløyfeveien 4, 3120 Tønsberg
E-post: [email protected]:
Web: www.ivaroksendal.com. her finn du for eksempel CV m.m.