Sal av bakevarer i Eldhuset

Publisert: 29.11.2021 20:11

Velkomen til Edhuset helga 21 –  22 januar!

Me har fyra opp i steinomnen for å bake og steike i Eldhuset denne helga. Me vil bake diverse brød og bollar, og håpar de vil koma å smake.
Det vil vere ope frå kl.12 til kl.14 (Eller så lenge me har bakevarer att)

Me ynskjer å ha ope fleire helger framover, men det vil vere noko usikkert og med atterhald om endringar. Følg med her og på facebooksida vår for oppdateringar om sal i Eldhuset.

Grunna Covid-19 så vil me at de brukar munnbind og held avstand.

Me håpar du kjem innom!