Vårprogram – Folkemusikkscena på Rauland

Sjå vårprogrammet for Folkemusikkscena på Rauland 2019:

16.1 Trygve K. Vågen & Per Anders Buen Garnås

PLATESLEPP – «På Møsstrond» (ta:lik)
Trygve K. Vågen frå Møsstrond er Gibø-ætling – 4. generasjon etter Håvard. Han lærde fyrst heime, av faren Kjetil. Seinare har han gjenge inn i Dahle-tradisjonen, litt beinvegens, men òg via opptak og gjennom morbroren, Trygve O. Vågen. Trygve er aktuell med soloplata «På Møsstrond» (ta:lik), som blir sleppt i Årestoga denne kvelden.

Per Anders Buen Garnås frå Bø lærde sud og nord på hardingfela i musikkskulen. Seinare har han, naturleg nok, henta slåttar og inspirasjon hjå onklane sine, Hauk og Knut. Olav Øyaland må òg nemnast som ei viktig kjelde. Per Anders har fleire plateutgjevingar og fire landskappleiksigrar bak seg.

15.2 Opus 72017

Spelemannen Knut Dahle og komponisten Edvard Grieg levde i ein spesielt spennande og viktig tidsepoke for norsk kultur og musikkliv, og står som viktige og relevante skikkelsar også i dag. Unni Boksasp Ensemble har dei siste åra fordjupa seg i musikken etter Dahle og Grieg, men også i livssogene deira, og i menneska, historiene og mytane kring desse to markante skikkelsane i norsk musikkhistorie. Med dette som utgangspunkt, har dei skapt eit heilt nytt verk som har fått tittelen Opus 72017.

Unni Boksasp (vokal, zitter), Trygve Brøske (trøorgel, piano), Magne Vestrum (kontrabass), Petter Berndalen (perkusjon) og Mats Edén (fele, hardingfele).

13.3 Svartevja

For 200 år sidan var Gausdal og Fåberg sentrale område for motemusikken. Her var det eit yrande musikkmiljø som engasjerte både «fiffen og folket». Musikken har levd vidare gjennom notenedteikningar, erindringar og ei og anna spelkvinne og -mann.
Mari Skeie Ljones frå Jørstadmoen har lenge tenkt det var på tide at denne musikken blei spelt inn og har jobba med å finne fram ukjende perler. Ho spurde Nina Fjeldet frå Åndsreppen om ho ville vere med å lage plate, og heldigvis hadde Nina tenkt liknande tankar. Men dei ville ha med seg fleire til å spele hitane frå heimbygda, og i lag med lillehammeringane Johannes Selvaag og Camilla Granlien vart Svartevja til.

Johannes Selvaag (fele), Camilla Granlien (vokal/ kontrabass), Nina Fjeldet (fele) og Mari Skeie Ljones (fele)

3.4 Groupa (SE)
I november 2018 kom den legendariske svenske trioen Groupa med plata «Kind of Folk – Vol. 2 Norway». I albumserien «Kind of Folk» held trioen Groupa fram med på nytt å finne opp den nordiske folkemusikken – denne gongen med fokus på Noreg. Tradisjonelle melodiar møter nyskapande instrumentering og lekre improvisasjonar. Den nye plata følgjer opp den grammynominerte «Kind of Folk – Vol. 1 Sweden» frå 2016.

Groupa tar avstamp i musik som spelats vid allt från bröllop till begravningar, från vallåtar och kulning till Grieg. Ofta handlar det om dansmusik som har framförts av en ensam musiker. Groupa sträcker ut låtarna, betraktar dem ur olika vinklar och i skiftande belysning. Och gör dem till sina egna – i flera fall finns bara en antydan av originalet kvar i deras version.

15.5 Nils Sletta & Øystein Romtveit
Nils Sletta frå Tuddal var god spelemann alt i ung alder. I 1962, som 19-åring, gjekk han til topps i klasse B på Landskappleiken. Så blei han «burte» i fleire tiår, konsentrerte seg om ein annan del av talentet, som skodespelar. Kring 1990 stod han fram att, var med på Landskappleiken nokre gonger og hevda seg godt. Han stend stødt i tradisjonen etter Løndalbrørne, som han òg er nærskyld.

Øystein Romtveit, myllarætling, frå Vinje har i hovudsak lært av far sin, Tarjei. Han har eit eggjande spel, god dansar som han er sjølv. I ein del år har det vore lite å høyre frå han. Sumaren 2018 valde han til stor glede for å mange å stande på ein scene og spela att, då var det tolv år sidan sist.

7.6 Javid Afsari Rad Trio
Javid Afsari Rad Trio ble etablert i 2016 og består av Javid Afsari Rad på det persiske instrumentet santur, Harpreet Bansal på fiolin og Tove Margrethe Erikstad på cello. Trioen spiller komposisjoner av Javid som er inspirert av persisk, indisk og arabisk musikktradisjon.

Javid vokste opp i Iran, men har bodd 30 år i Norge. Dette har gjort at musikken hans også har fått et preg av vestlig klassisk musikk. Trioen består av høyt profilerte musikere i Norge innen indisk, persisk og vestlig klassisk musikk. I 2017 ble Javid utnevnt til statsstipendiat.

Billettar kr. 250,-/150,-