Fjellrøyst & Minot State University Choir i Vinjesalen

 

Søndag 19 mai klokka 19.00, Vinjesalen på Raulandsakademiet.

Denne kvelden vil du få oppleve vakker og variert korsong frå ikkje mindre en to kor: Vinje si eige damekor, Fjellrøyst, og det amerikanske Minot State University Concert Choir, som er på turné og studietur i Norge i mai 2019.

Det lokale damekoret Fjellrøyst er ein gjeng med glade damer som syng saman ein gong i veka. Koret starta opp i oktober 2017 og øver inn songar i variera sjangrar og form. Ved oppstart hadde fleirtalet aldri sunge i kor før, så dette er eit kor med rom for både nybyrjarar og skolerte songarar.

Minot State University Concert Choir, grunnlagt i 1913, er del av ein sterk kortradisjon i Midtvesten i USA. Koret framfører repertoar som spenner frå renessansen til moderne tid. Byen Minot i Nord-Dakota blei vennskapsby med Skien i 1981, og sambandet mellom dei to byane har lagt grunnlaget for utveksling mellom Minot State University og Telemark. Til denne konserten har MSU Director of Choral Activities, Dr. Emerson Eads, valt musikk frå dei amerikanske klassisk- og folkemusikksjangrane.

Stad: Vinjesalen, Raulandsakademiet

Billettar: kr 200,- // gratis for barn og studentar

Sal av drikke, kaffe, te og kake før konserten.