onsdag 20. november, kl 20:00

Duo Disparat (SE) i Årestoga

Duo Disparat er ein relativt ny konstellasjon. Anders Norudde, kjend frå grupper som Hedningarna og Blå Bergens Borduner, har alliert seg med Johanna Karlsson frå Hälsingland, som også spelar med trioen Limbohofvet. Duoen spelar fargerike slåttar på femstrengsfeler, omstemde feler og moraharpa. Dei stod fram fyrste gongen under Delsbostämman 2018 og har spela flittig på folkemusikkscener i Sverige sidan då.

Billettar: kr 250,-/150,-

Datoonsdag 20. november
Tidspunktkl 20:00 - 23:00