Besøk Telemarkstunet i sommar 25.juni – 7.august.

Publisert: 11.05.2022 15:05

Telemarkstunet er kjent for sine sommaraktivitetar.

Her vil du finne handverksutsal, kafe, ustillerar, bruktsalg, leikekrok med sandkasse, tursti og er du heldig sit det håndverkerar ute på tunet.

Det er gratis entré på Telemarkstunet og det er ope 11-16 kvar dag i sommarsesongen.

Aktivitetskalender på tunet :

  • Kafe i Gardsjordstog – kvar veke frå 30. juni – 7.august (torsdag, fredag, laurdag, søndag).
  • Måleriustilling/salg i Gardsjord  – Monica Gjerde og Aase Olsen – samme opningstid som kafeen.
  • Bruktsalg i Loftet m/Guro Midtgarden – veke 25,26, 27 frå 25.juni .
  • Den lille smykkebua i Eldhuset m/Bjarne Kassan  – veke 27 frå 3.juli  – 10.juli.
  • Fletting av lindebast i Loftet m/Samson Øvstebø – veke 28, frå 11.juli – 17.juli .
  • Smykke og trefigurar ute på tunet , Den lille smykkebua – veke 28, frå 3.juli til 10.juli.
  • Glaskunst av Johan Berg ute på tunet – frå 25.juni til 19.juli, kvar veke – fredag til søndag.
  • Veving og demonstrasjon i Stallen m/Ann Mari Jore og Sigrun Tveiti  – Heile juli.
  • Konsert i Årestoga Magnus Viik – Søndag 3.juli . kl 13 .

 

Rundt bålet på Telemarkstunet, spikk ein marshmallowpinne!

«Rundt bålet» Sommaraktivitetar på Telemarkstunet 2022. Rauland Husflidslag har valt tittelen «Rundt bålet» som uteaktivitet på Telemarkstunet i sommar, – både som metafor og som ein fysisk læringsarena. Det er rom for fysisk utfalding, øve motorikk, sosial samhandling, stimulere fantasi og skaparglede, bli kjent med ressursar som naturen byd på og vidareføre immateriell kulturarv. «Rundt bålet» set fokus på naturen som emnetilfang til ulike typar husflid, særleg knytt til tradisjonell tilverking av trematerialar. På Telemarkstunet i sommar vert det høve for publikum til å spikke seg ein krok eller minkepinne, eller du kan lage ein marshmallowpinne, teste han etterpå og sjekke om han virkar. Er du meir glad i dei mjuke materialane er det høve til å prøve brikkevev, lage band eller snorer. Me sjåast på Telemarkstunet kvar laurdag i juli.

Aktivitetar i sommar:

  • Laurdag 25. juni Kl.12-15Eli Wendelbo, Ann Mari Jore: Hoppetaug, brikkevev, snorer
  • Laurdag 2. juli Kl.12-15 Helge Bitustøyl: Karveskurd, spikking Handverkar frå Rauland.
    Medlem av tregruppa på Dyre Vaa
  • Laurdag 9. juli Kl.12-15  Eli Vesaas og Mari Rorgemoen brikkevev, grindvev
  • Laurdag 16. juli Kl.12-15  Knut Våmartveit: Knivmakar frå Dalen, vil arbeide med skaft til kniv
    og slire.
  • Laurdag 23. juli Kl.12-15 Knut Våmartveit: Knivmakar frå Dalen, vil arbeide med skaft til kniv
    og slire.
  • Laurdag 30 juli Kl.12-15 og 31. juli Kl.12-15 Embrik Ødegård, Student på intrumentbygging, USN. Spikking av kaketester/potetstikke, marshmallowpinne m.m.