søndag 3. mars, kl 11:00

Kom deg ut dagen: Vierli – Rauland

Ny dato: søndag 03.mars
Barnas turlag Vinje inviterar alle til ein flott vinterdag på Vierli i samarbeid med Rauland Skisenter og Møsstrond Huskies!  Arrangementet er gratis og me ynskjer å kunne tilby alle små og store ein herleg vinterdag ute med:

– aktivitetsløype på langrenn
– hundespann
– aking i eget området. Gjelder ikke barneheisen på Vierli
– leik i Vierli snoborg
– besøk av sjølvaste maskoten TURBO!

Det vil bli premiering til alle born som fullfører aktivitetsløypa, så spenn på dykk langrennsskia.
I tillegg er det flotte akeforhold så ta med akebrett!

Møsstrond Huskies er med frå 11.00 – 13.00 denne dagen og tilbyr gratis runde i løypa med hundespannet.

Me fyrar opp bålpannene i gapahuken/lavvoen.
Mat kan også kjøpes på Vierli Kafeteria.

I år kjem og sjølvaste Turbo for å helse på alle ungane, det vil bli moglegheit for både klem og bilete. Kanskje dreg turbo igang ein leik for små og store?

For dei som evt. kunne tenkt seg ein litt lengere skitur er løypa rundt Uvatn veldig fin! Ca. 4km

Vel møtt til ein super “Kom deg ut-dag” med mykje moro på Vierli

Datosøndag 3. mars
Tidspunktkl 11:00