Stolpejakt i Vinje

Publisert: 14.06.2022 14:06

I Vinje kan du jakte stolpar i sommar!

Tilgjengelig i perioden 18.06.2022- 16.10.2022

Vinje kommune har «stolpesesongen 2022»  i samarbeid med  Vinje IL,  IL Dyre Vaa, IL Rein, personar i Øyfjell og Rauland Skisenter satt ut 71 stolpar i kommunen. Dette er vårt tredje år og me er spente på om det blir ny rekord på «stolpejegarar» i vår kommune.

Du finn sumaren 2022 stolpar flere plassar i Vinje kommune, mellom anna i Åmot sentrum, Rauland sentrum, sentrum Edland/Haukeli, Raulandsfjell, Vierli, Holtardalen, Øyfjell og Vågslid.

Stolpejakten er eit lavterskel aktivitetstilbod og ein familievenleg aktivitet for alle aldrar og nivå. Stolpejakten er eit gratis tilbod for alle. Oppgåva er å finne dei 1 m høge trestolpane. Kvar stolpe har ein farga topp med nummer, bokstav og ein QR kode om du vil nytta telefonen:

Dei ulike fargane syner kor vanskelig det er å finne stolpane:

Grøn – Svært lett

Blå – Lett

Raud – Middels

Svart – Vanskeleg 

 Stolpane kan registrerast på 3 måtar:

1. Lag deg ein brukar på www.stolpejakten.no og legg kodane inn på di side

2. Last ned appen Stolpejakten til mobiltelefonen og skann QR kode som du finn på dei ulike stolpane

Papirkart med kodeskjema kan dykk få gratis på Groven Camping, Rauland Turist og Haukeli Bue. Du kan også  laste ned frå www.stolpejakten.no under kart på «brukarvalg» til høgre på sida etter at du har registrera deg.

Bli med på jakten, er du innom 30 stolpar så blir du med i trekning av 5 premiar, gavekort på kr. 1000,- Vinnarane kan sjølv velje kor gavekortet skal nyttast innanfor Vinje kommune.

Dei fleste stolpane blir stående ute til 15.10.22 – nokon kan bli fjerna tidlegare grunna jakt og snøforhold.

Trekning av gåvekort etter 17.10.22