Restriksjonar og anbefalingar i Vinje kommune

Publisert: 15.04.2021 12:04

Oppdatering etter nye nasjonale tiltak gjelande frå fredag 16.april.

Etter regjeringas pressekonferanse vil det bli ein del lettingar i dei nasjonale tiltaka. Vinje Kommune vil fygje desse.

Vinje kommune har ikkje lenger påbod om munnbind, men oppfordrar til å bruke munnbind på dei stadane der ein ikkje kan halde 1 meter avstand.
Kommunehuset opnar for besøkande og samfunnshusa opnar att for møter, arrangement og idrettsaktivitetar:

  • Det oppfordras til å møte andre utendørs, og ikkje ha besøk av fleire enn fem gjester.
  • Barn og unge under 20 år kan trene som normalt.
  • Vaksne kan drive organisert aktivitet i gruppe på inntil 10 personar så lenge ein meter avstand kan haldast.
  • Det kan haldast møter med inntil 10 personar.
  • Serveringsstadar og butikker kan halde ope med smitteverntiltak. Det er tillatt med sjenking av alkohol saman med servering av mat. Sjenkestopp kl 22.00.
  • Det kan haldast arrangement med inntil 100 personar når det er faste tilviste plassar (arrangement som samlar personar frå ulike kommunar, blir tilrådd utsatt eller avlyst).
  • Symjehallen og badstoga på Vinjehuset opnar frå måndag 19. april – vanlege opningstider og tinging av billett på nett (vinjenett.no)
    Symjehehallen på Rauland og Edland blir foreløpig ikkje opna grunna mangel på reinhaldsressursar. Det blir jobba med alternative løysingar.
  • Styrkeromma held framleis stengt.
  • Kommunehuset opnar opp for besøk, men møte med sakshandsamar skal vera avtalt på førehand.

Ein kan reise på hytta (eid eller leid) eller hotell, men unngå kollektivtransport hvis det er mogleg.
Gjester frå områder med høgt smittetrykk og skjerpande smittevernstiltak bør fygje reglane frå sin heimkommune.

 

Når du besøker oss, ber me deg huske dei 3 grunnleggende prinsippa:

  1. Hald avstand til andre enn din familie.
  2. Praktiser god håndhygiene. Vask hender ofte, benytt håndsprit, og avgrens nys og host i albuene.
  3. Hald deg heime om du er sjuk eller i karantene.

Her kan du lese dei nasjonale råda/restriksjonane: Nasjonale råd
Her kan du lese dei lokale råda/ restriksjonene  for Vinje Kommune: Vinje kommune

Ver obs på endringar på kort varsel!

 

Her kan du sjå korleis du brukar munnbind