Restriksjonar og anbefalingar i Vinje kommune for påska 2021

Publisert: 18.03.2021 22:03

Påska nærmar seg og det er særs viktig at me alle fygjer og forheld oss til dei nasjonale retningslinjene, og lokale tiltak.  Me har eit stort ynskje om å gjennomføre påska på best mogleg måte, men det inneber eit skjerpa blikk og ein årvåkhet frå alle på smittevern. I Vinje Kommune blir dei nasjonale retningslinjene fygd, men det er innført påbud om munnbind innandørs i påska.
Påska blir annerledes, men me håpar alle er takknemelege for at det finnes tilbud, sjølv om ein del aktivitetar ikkje kan gjennomførast.

Du kan reise på hytta, men bare saman med personar i egen husstand.

Gjester frå områder med høgt smittetrykk og skjerpande smittevernstiltak skal fygje reglane frå sin heimkommune.
For gjester frå desse områdene så bør ein ikkje reise på overanttingsbesøk, eller ha overnattingsbesøk.

Når du besøker oss, ber me deg huske dei 3 grunnleggende prinsippa:

  1. Hald avstand til andre enn din familie.
  2. Praktiser god håndhygiene. Vask hender ofte, benytt håndsprit, og avgrens nys og host i albuene.
  3. Hald deg heime om du er sjuk eller i karantene.

Her kan du lese dei nasjonale råda/restriksjonane for påskeferien: Slik kan påska tilbringes
Her kan du lese dei lokale råde/ restriksjonene  for Vinje Kommune: Vinje kommune

Ver obs på endringar på kort varsel!

  • Påbud om bruk av munnbind innandørs på offentlege stadar, alle over 12 år. Gjeld t.d butikkar, serveringsstader, skibuss, taxi og bensinsstasjonar. Det blir tilrådd på det sterkaste at ein brukar munnbind òg utandørs der det kan dannast køar og opphoping av menneske, i heiskøer, i køar utanfor serveringsstader, taxikø o.l.
  • Éin-meteren blir no til to-meteren.
  • Butikkane i Vinje Kommune er åpne. Respekter skilt og merking, kun ein fra kvar husstand bør handle og hald god avstand til andre. Vis hensyn i alle køer.  Påbod om bruk av munnbind i påska.
  • Serveringstadane i Vinje Kommune er åpne, men med ein del restriksjonar.
    • Det er forbudt med sjenking av alkohol i heile landet frå 25.03
    • Serveringstadene rundt skianlegga (Rauland Skisenter, Raulandsfjell ) vil kun ha sitteplassar ute i påska.
    • Påbod om bruk av munnbind innandørs i påska.
      Respekter skilt og merking. Det er kun medlemmer av familien/ husstanden som kan dele bord der ein sit nærmare en 2 meter.
    • Alle gjester skal registrer seg ved besøk innendørs slik at potensiell smittesporing er i orden.
  • Rauland Skisenter og Raulandsfjell har ope kvar dag, men med fleire restriksjonar.
    • Møt opp tidleg, det er flest folk midt på dagen.
    • Bruk helst toalett på hytta
    • Serveringstadene vil kun ha sitteplassar ute. Mat bestilling kan gjøres inne/ eller i kiosker der det er tilgjengelig.
    • Hald ei stavlengdes avstand til andre.
    • Det er kun familien som kan ta t-krok saman og i stolheisane skal du ha eit sete ledig mellom framande.
    • Les utdypande informasjon vedørende smittevernstiltak i Rauland Skisenter her.

 

Vinje kommune innfører påbod om bruk av munnbind i butikkar, buss, drosje, serveringsstader og ellers innandørs der ein ikkje greier å halde 1m avstand til andre som ikkje er husstandsmedlem.

Påbodet gjeld ikkje for barn under 12 år og personar som av medisinske årsakar ikkje kan bruke munnbind.

Her kan du sjå korleis du brukar munnbind