Pressemelding frå Rauland Turist: Gode nyhetar for langrennsfolket!

Publisert: 06.10.2023 19:10

Me har gode nyhetar til alle ivrige skiløparar. Me har investert i to heilt nye løypemaskiner på Rauland. Maskinene har full breidde og sporfresar og er rett og slett det beste som er å få tak i på marknaden.

Prisen på maskinene er til saman nesten 9 millioner kroner. Besøk oss på Rauland Haustfest laurdag 7. oktober, der har me med oss ei av maskinene.

Me investerar også store beløp i skiløypene, ved at det mange plassar blir utvida slik at heile løypenettet no kan preparerast med stor maskin. Dette medfører blant anna skøytespor dei fleste stader.

Løypene skal no køyrast av to ulike entreprenørar. Rauland Skisenter og Vinje Maskin delar løypenettet i to, men maskinene vil nok gå litt om kvarandre ved behov. Vinje Maskin har lang erfaring som maskinentreprenør, og det er gledeleg at ein ny aktør no deltek ytterlegare i reiselivsnæringa. Rauland Skisenter har kjøyrd langrennsløypene i mange år, og me er glade dei ville fortsette det gode samarbeidet.

Løypene vil bli køyrd som vanleg kvar dag frå jol til påske, når veret tillet det og det er behov for preparering. Rauland Skisenter startar snokanonane på skiarenaen så snart kuldegradene er stabile. Resten av løypekøyringa startar opp så snart snoen kjem.

Hugs Gje Låm!

No treng me det meir enn nokon gong.
Vel møtt til ein ny fantastisk vinter på Rauland!