Reise heim til jol eller fritidseigendom i Vinje 2020

Publisert: 17.12.2020 01:12

danny

Vinje kommune ynskjer tilreisande ei riktig god og roleg jolefeiring saman med sine næraste. 

Vinje kommune oppmodar nå folk om å bruke munnbind i butikkar, buss, drosje, serveringsstader og ellers innandørs der ein ikkje greier å oppretthalde 1 meter avstand til andre enn husstandsmedlem. Butikkar og serveringsstader må gjerne vera med på denne oppmodinga ved å henge opp plakater retta mot kundar. I butikkar og liknande der ein ikkje har pleksiglas oppmodast det også om at tilsette brukar munnbind.

Det er nasjonalt rådd til å unngå unødvendige reiser innanlands. Dette er fordi det er ein risiko for spreiing av smitte dersom du reiser frå område med mykje smitte i Noreg til eit område med lite smitte. I Vinje kommune er det lite smitte nå. 

Tenk også over kva du skal gjere dersom du blir sjuk og må isolere deg, eller dersom du må i karantene. 

Er du sjuk, i karantene eller isolasjon skal du ikkje reise, heller ikkje til hytta. 

Det einaste unntaket er når du er utan symptom, og opphald på hytta er den einaste måten å unngå nær kontakt med eit hustandsmedlem som er sjuk med covid-19. Dersom du er på hytta i karantene eller isolasjon ynskjer me at du informerar helsetenesta om dette, det er viktig informasjon for oss dersom du skulle bli sjuk. Ring legekontoret på telefon 35 06 25 00.

Om du blir sjuk medan du oppheld deg på fritidsbustad anbefaler kommunen at du helst tek kontakt med/oppsøkjer helsetenester i din eigen bustadkommune, om det kan bli gjort på ein forsvarleg måte. 

 

For deg som reiser til fritidseigendom eller hytte

Reiser til fritidseigendomar, utan kontakt med andre, kan ein gjennomføre. Hald deg til dei same smitteverntiltaka når du kjem til oss som der du bur til vanleg. 

Ver saman med dine aller næraste for ei roleg og fredfull jol. Unngå å samle mange, særleg personar du ikkje bur saman med til vanleg. * Du bør ikkje ha besøk av eller reise på besøk til andre enn dei du oppheld deg på fritidseigendomen saman med. Skal du møte andre bør det gå føre seg utandørs med avstand; ein rår til ski, gåtur og liknande utandørsaktivitetar. Unngå å oppsøke stader der mange samlar seg innandørs. 

* Joleråd – Regjeringa 02.12.20

– Du må framleis avgrense det totale talet på menneske du har sosial kontakt med 

gjennom heile perioden, og ikkje minst i tida før jol.

– Me held fram med tilrådinga om at ein kan ha inntil 5 gjester til over nyttår.

– På to av dagane opnar me for inntil 10 gjester. Det tyder altså inntil 10 gjester på 

joleftan og nyttårseftan, eller to andre dagar som ein vel sjølv i løpet av perioden.

 

Det må alltid vere minst ein meter avstand mellom alle som elles ikkje bur saman. 

Dette gjeld både når ein sit til bords, når gåvene blir delt ut og når jolekakene 

kjem fram.

 

Klarar du ikkje å gjennomføre joleselskapet med minst ein meters avstand dersom du 

inviterar 10 gjester, må du invitere færre.

Dersom du kjem frå eit område med høg smitte, bør du halde 2 meter avstand til folk i risikogruppa.

 

Kan eg handle i lokal butikk? Ja du kan handle i lokal butikk. Det kan være hensiktsmessig å handle heime før du reiser til hytta. Når du skal handle i lokale butikkar ynskjer me at du held deg til fylgande råd: 

  • Planlegg innkjøpa. Avgrens talet på kor mange gonger du handlar. til det naudsynte
  • Kun nødvendig antal frå kvar familie i butikklokala . La familie og reisefølgje vere igjen på hytta eller i bilen.  
  • Oppsøk butikken på tider av døgnet med mindre trafikk. Til dømes før skituren.
  • Hald avstand
  • Ha reine hender.

 

Afterski og alkohol? Afterski bør gå føre seg på eiga hytte med dei du bur saman med.  I Vinje er det skjenkestopp kl. 22.00.

 

Kan eg oppsøke ein stad med matservering?  Ja, men det er viktig at smittvernsråd blir nøye fylgt.


Kan eg oppsøke innandørs aktivitetar, slik som symjebasseng? Unngå å oppsøke stader der mange samlar seg innandørs. Me rår til at du i staden nyttar utandørs aktivitetar slik som ski, eller gåtur.

 

Kan eg oppsøke alpinanlegg eller gå på langrenn? Ja, du kan både oppsøke alpinanlegg, gå på langrenn eller gå tur utandørs. I alpinanlegga er det viktig at smittevernråda og dei tiltaka som er innført, blir fulgt. Det vil vere avgensa plass. 

På serveringsstader tilknytta alpinanlegg er det også viktig at smittevernsråda blir nøye fylgt. 

 

For deg som reiser heim til jol

 

Reiser heim til jol er viktig for mange og det kan ein difor gjennomføre. Dersom du reiser frå eit område med høg smitte til eit område med låg smitte bør du ta førehandsreglar i 10 dagar etter at du har kome heim:

  • Hald deg til dei same smitteverntiltaka når du kjem til oss som der du bur til vanleg. Kjem du fra område med lokalt skjenkestopp rår me til at du ikkje oppsøker våre serveringsstader for alkohol i det heile tatt.  Joli er ikkje tida for å ta igjen siste tidas tapte tid med fest. Tenk deg om, reduser dine nærkontaktar. I Vinje er det skjenkestopp kl.  22:00.
  • Reduser talet på nærkontaktar. Ver saman med dine aller næraste. Møter du fleire personar og gjentek dette i løpet av jol og nyttår vil du til saman kunne utsette mange for smitte.
  • Hald 2 meters avstand til personar i risikogruppa. Me rår til at du ikkje kjem på besøk ved vår sjukeheim eller tilsvarande institusjonar, men drøft gjerne med oss på førehand.
  • Ver særleg nøye med hand- og hostehygiene
  • Ver særleg merksam på symptom
  • Ha låg terskel for å teste deg dersom du får symptom eller trur du kan ha vore utsatt for smitte. 

Vinje kommune ynskjer ikkje å innføre strenge restriksjonar som rammar alle, og rår difor alle tilreisande til å ta eit særleg ansvar for eigne smitteverntiltak. 

 

https://www.helsenorge.no/koronavirus/reiser-innenlands/