søndag 26. juni

Landskappleiken 2022

Under årets Landskappleik kan du oppleva eit rikt og variert kulturprogram.

TYSDAG 21. juni

Slåttar kring Møsvatn – båtcruise

med Ottar Kåsa spelar og Kjell Bitustøyl fortel

Som ei oppsegling til Landskappleiken vil det bli arrangert eit «båtcruise» på Møsvatn tysdagen i kappleiksveka. Mange kjenner til Håvard Gibøen, Møsstronds mest vidgjetne spelemann. Og ein god grunn til å leggje ein slik båttur til Møsvatn er nettopp å gjeste dei stadane som har slåttenamn og eller slåttesoger knytt til Håvard Gibøens rikhaldige slåtterepertoar. Men dette vil òg handle om andre slåttesoger knytt til fjellbygda oppunder Hardangervidda. Mange av slåttane er sentrale i det norske hardingfelerepertoaret, sjølvsagt mest i Telemark , men òg vidare utover. Det er nok å nemne Falkeriset, Førnesbrunen og Gaute Navarsgard. Men her er fleire, nok til ein heil konsert og vel så det. Tanken bak ein båttur er å la spelemannen Ottar Kåsa, opphaveleg frå Arabygdi i Rauland, spela desse slåttane etter kvart som me kjem rundt vatnet med Fjellvåken, ein katamaran som til vanleg trafikkerer Møsvatn fire mil inn til Mogen turisthytte sommarstid. Kjell Bitustøyl, også han opphaveleg frå Rauland, vil vera med som forteljar. Planen er å koma rundt til desse stadane i løpet av båtturen og koma i land einskilde stadar. Det vil til dømes vera naturleg med ein stopp ved Møsstrond kyrkje der minnesteinen over Håvard Gibøen stend. Kyrkja er den soknekyrkja som ligg høgast i landet. Vêret vil sjølvsagt vera ein faktor som spelar inn, for bygda Møsstrond ligg i eit ope landskap. Sjølve Møsvatn ligg på 918 moh, medan dei mest høgtliggjande gardane ligg på nærare 1000 moh..

Avreise frå Møsdammen tysdag 21. juni kl 1700

Av praktikse grunnar ynskjer ein fyrehandspåmelding til [email protected], seinast 30. mai.

Ein bed og om forsktosbetaling, kr 400 pr pers. til konto2620 44 65443.

 

ONSDAG 22. juni

Sagt og spela – bilete frå folkemusikksoga i Telemark

har me kalla opningskonserten i Såheimshallen, onsdag 22. juni kl 2000.

I folkemusikkrørsla tek me vare på meir enn sjølve musikken, me bryr oss òg om tradisjonane rundt han. Den slåtten spila han eller ho der og då, replikkane fall slik og slik den gongen dei møttest. Dette materialet er dels fest på papir eller lydband, men mykje er framleis ein rein munnleg tradisjon.

Me har plukka fram eit knippe slike soger, og lete gode utøvarar av i dag fylle dei ymse rollene. Attåt felespel og historske replikkar blir det kveding og mykje dans!

Du vil få høyre korleis det gjekk til då Øystein Lurås miste jenta si og tok att eit belte, korleis Myllaren blei refsa for livsførselen sin, korleis Knut Dahle og Torkjell Haugerud reagerte på at fyrste verdskrig braut ut, og mykje anna.

Utøvarane, eit godt tredvetal, kjem frå Vinje, Rauland, Møsstrond, Vestfjordalen, Atrå, Gauset, Austbygde, Tessungdalen, Gransherad, Flatdal, Brøles og Sauherad. Det heile vil bli bunde saman av Åsmund Nordstoga.

Ide, tekst og regi ved Johan Vaa, i samarbeid med Ola E. Bø.

Fyrehandssal via Visit Rjukan, kr 250 + avgift kr 25,-, frå 1.mai.

 

TORSDAG 23. juni

Dahle-arven

Intimkonsert i Baptistkyrkja kl 20:00.

Anne svånaug Blengsdalen var elev av Gunnar Dahle (1903-1988).  Fremste eleven  av Johannes Dahle (1890-1980) var Olav Øyaland (1922-2019), som Øystein Haugen har lært av. Saman vil Anne og Øystein taka oss gjennom ein tradisjon med røter nærare tri hundre år attende i tid.

Kr 250,- Billettsal på stemnekontoret.

 

Ågot og leiken.

Intimkonsert i Baptiskyrkja kl 22:00.

Langeleiken tapa for hardingfela i Telemark gjennom 1800-talet. Den siste store langeleikspelaren i Tinn var Ågot Einung (1831-1911). Gøril Ramo Håve- trøndervækj som har slege seg ned i haukeli – og Kari Lønnestad frå Bø har funne fram til stoff som Ågot kan ha spela, og elles vil dei fortelje om og gje soss makebitar frå langeleiktradisjonen i Telemark.

Kr 250,-. Billettsal på stemnekontoret.

 

FREDAG 24.juni

Me yvi Tinnsjå siglar – kvedarkonsert på tvers av generasjonar.

Tog- og båttur som ramme, avreise Rjukan stasjon fredag 26. juni kl 1600.

Fyrste del av tittelen er henta frå ei vise om Austbygddalføret, skriven av Herbjørn Lurås (1877-1967).

Her vil du møte tri kvedarpar, frå kvar sitt område, og såleis i stor mon med ulik  tradisjon.
Frå Tinn:  Halvor  Håkanes og Malin Røysland Skårberg.
Frå Vinje: Øyunn Romtveit og Aurora Lie Verpe.
Frå Setesdal: Kirsten Bråthen Berg og Eldbjørg Trydal Rysstad.

Lett servering om bord på Storegut.

Attende på Rjukan ca 20:00.

Det vil vera råd å få med seg både denne konsrten og Opus 72, men då må ein sjølv syte for tansport frå Mæl til Rjukan.

Fyrehandssal via Visit Rjukan, frå 1.mai.

Kr 400,- + avgift kr 25,-.

 

Opus 72

Fredag 26. juni kl 2000, Såheimshallen.

Opus 72 . Slaatter av Edvard Grieg høyrer til den nasjonale musikkskatten i Noreg. Råmateriealet høyrer heime i Telemark og helst i Tinn.

I 1888 skreiv Knut Dahle (1834-1921) til Edvard Grieg (1843-1907), han var ottefull for at slåttane han kunne skulle bli gløymde, og spurde om den store komponisten kunne syte for at dei blei nedskrivne.  Det tok 13 år og mange brev før det blei noko av. Fiolinisten Johan Halvorsen (1864-1935) skreiv 17 slåttar ned på notar, som så blei utgangspunkt for klaveraversjonane av Grieg.   Til denne konserten har me plukka fram seks av dei.

Tanken bak denne konserten er:  Slik var (og er) slåttane, slik oppfatta Johan Halvorsen dei, og dette skapte Grieg dei til. Attåt musikk vil det bli opplesing frå brevbytet mellom spelemanen, oppskrivaren og komponisten.

Du vil møte Knut Buen, Lars Ingar Meyer Fjeld, Håvard Gimse, Ragnhild Hemsing og Joar Lurås.

Fyrehandssal via Visit Rjukan, kr 350 + avgift  kr 25,-, frå 1.mai.

 

SUNDAG 26.juni

Velkommen til folkemusikkmesse i Rjukan Kirke søndag 26.juni kl 10.30

Dette blir en gudstjeneste med folkemusikkinnslag fra flere plasser i landet!
Liturgien er hentet fra folkemusikkmessa til Jo Asgeir Lie.
Musikere som deltar på gudstjenesten er Halvor Håkanes, Sarah Cathrine Nagell og Sigrid Stubsveen

Sokneprest: Morten Arnesen
Organist: Britt Elin Myrene

Les meir på landskappleiken.no

Datosøndag 26. juni