Informasjon fra Rauland Turist (23.3.20)

Kjære sambygdingar, hyttefolk og vener

Det er med sorg i hjarta vi ser på kva Rauland og Vinje i likskap med Noreg og verda er utsett for.
 
No stod vi framfor den aller beste perioden på fjellet med mykje sno og sol høgt på himmelen. Påske og hyttekos var i vente.
 
Det er innført eit nasjonalt forbod mot overnatting på hytter utanfor eigen kommune. Det må vi forhalde oss til, sjølv om hyttefolket er ein del av livsnerva i Rauland. Og vi skulle så gjerne hatt dykk her! Heile reiselivet i Vinje ligg nede no. Veldig mange andre verksemder er meir eller mindre stengde.
 
Alt er veldig uføreseieleg. For oss som for så mange andre.
 
Vi ser likevel eit fint samarbeid mellom alle i vårt område. Arbeidsgjevarar, arbeidstakarar, lokalforvaltinga og lokalbefolkninga ser ut til å stå samla og tek innover seg alvoret i situasjonen. Det er vi stolte av! Og det må vi halde fram med i denne vår tids kanskje mest usikre periode.
 
Vi må ikkje snakke ned våre sambygdingar som prøvar å gjera noko for å overleve med sine verksemder. Vi skal ikkje snakke ned hyttefolk som er frustrerte over ikkje å få reise på hytta. Vi skal ikkje snakke ned styresmaktene som har valt ein strategi med dei beste intensjonar. Gå ikkje til angrep i sosiale medier eller andre stader – det held vi oss for gode til!
 
I Vinje kommune lever vi i svært stor grad av reiseliv og hyttebygging. Dette genererer hundrevis av arbeidsplassar og utgjer 25% av arbeidsplassane i kommunen.
 
No må vi sørge for at våre mest trufaste gjester, ambassadørar og dei som framsnakkar Rauland som den finaste bygda i landet ønskjer å koma tilbake til oss raskast mogeleg! Det beste alle hyttefolk kan gjera for å ivaretaka også sine verdiar er å bruke bygda att så snart dette er praktisk mogeleg.
 
Vi i reiselivet lovar å gjera alt vi kan!
 
Vinje kommune mokar hyttetak, patruljerar alle hyttevegar og gjer alt nødvendig ettersyn.
 
Vi arbeider natt og dag for å redde verksemdene, slik at det er noko å koma att til. Vi er heilt sikre på at dette skal gå bra, men ein føresetnad for det er at alle gjer sitt for å redusere unødvendige utfordringar.
 
Mange i reiselivet er allereie permittert. Våre mogeleghetar til å svara på førespurnader eller til å levere tenester er redusert, samtidig som mange av våre hytteeigarar kanskje nettopp har fått meir tid.
 
Det er no viktig at vi er lojale og omsorgsfulle mot kvarandre. Vi held hovudet kaldt og skal snart ønskje dykk våre beste vener tilbake til vårt kjære Rauland! Vi klarar dette saman!
 
Rauland Turist

 

Ljos i Rauland skiarena i ei vanskeleg tid. Foto: Helge Jenssen