fredag 14. februar, kl 18:00

Vinje Snoformingsfestival 2020

Velkomen til Snoformingsfestivalen på Åmot.

Årets tema er Fridom.
Fredag 14.2 til søndag 16.2
Nytt i år er torggate på Laurdag med ca 12 utstillerar, handverksutstillar og lokal mat. Blant anna kjem Bodil Nordjordet og sel suppe, Lega kjem med sine prisvinnande ostar, Ridderhus med smykkene sine og Gerd Danbolt Svalastog kjem med sin keramikk.

Forming av store og snokuber, for små og store kunstnarar. Denne festivalen passer for dei som likar vinter.

Liten kube: For dei under 18 år
1,5 m x 1,5 x 1,5 m
Det kan vera inntil 3 deltakarar på laget. Talet deltakarar kan vera 4, dersom fleirtalet av deltakarane i gruppa er yngre enn 10 år.

Stor kube: For dei over 18 år
3 m x 3 m x 3 m. Det kan vera 5 deltakarar på laget.

Les mer og påmelding her

På kvelden er det konsert på Heimat i Vinje.

 

Datofredag 14. februar
Tidspunktkl 18:00 - 14:00