Vinterfestivalen på Rauland har fingeren på folkemusikkpulsen. Den stadig meir populære festivalen trekkjer folk frå heile verda.
I år kjem riverdance-stjerner frå Irland og estlandske musikarar. Mellom anna.
Her er programmet for årets vinterfestival (er under arbeid)

– Dette programmet svingar skikkeleg! seier festivalsjef Ingrid Hamberg, og ønskjer alle hjarteleg velkommen til Rauland i veke 7.
– Vi vil gjerne formidle folkemusikk og tradisjonskunst ut til nye publikumsgrupper i tillegg til dei som kjenner miljøet godt, seier ho.
Som publikummar kan du vere aktivt til stades på spennande kurs i tradisjonskunstteknikkar eller sveittedrypande dansegolv. Du kan også å sitje roleg og sjå på framsyningar i dans og musikk, eller nyte synet av flott tradisjonshandverk.
Som vanleg har festivalen ein god finger på folkemusikkpulsen, og fleire av postane på programmet i år er artistar som markert seg det siste året, mellom anna på Folkelarm.
Folkemusikksjangeren er i stadig utvikling, og klubbkonsept fyller dansegolv, også i urbane strøk, med ei moderne tilnærming til tradisjonsmusikken. Dette får vi også oppleve på Vinterfestivalen, mellom anna gjennom konserten med kritikarroste Reolô.
I tillegg blir det sjølvsagt også rotnorske tradisjonskunst som smiing, rosemåling, laging av treski, graving av fiskeskinn og fletting av neslefiber.
Høgdepunkt frå programmet
- Dans og foredrag frå irske folkedans-stjerner
- Danseforestillingen Bill.Merk. Heil Ved (vann produksjonen på Folkelarmprisen i år 2024).
- Dansekonsert med Reolô (som inkluderer Anders Røine, vinnar av Årets Folkemusikar).
- Utstilling av studentarbeidar i tradisjonskunst
- Kappleik og festkveld på laurdagen

Festivalsjefen sjølv er ein amerikanar frå Seattle. Ingrid Hamberg kom til Rauland for 16 år sidan som følgje av si interesse for norsk folkemusikk. Sidan har ho vorte her, utdanna seg vidare, og er no tilsette på Universitetet i Søraust-Noregs campus. I år styrer ho dessutan den store skuta som er Vinterfestivalen.
– Kvart år i veke sju får vi på Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk leke og vise fram det vi liker best – nemleg folkemusikk, folkedans og tradisjonskunst, seier festivalsjefen.
Om Vinterfestivalen på Rauland
Festivalen har vakse fram av Vinterkappleiken, etablert i 1990, som studentar på Årsstudium og Bachelor i folkemusikk har på studieplanen. I 2008 vart kappleiken omgjord til festival, og sidan har arrangementet berre vakse i omfang og tiltrekt seg ei aukande mengd folk. Folkemusikkscena på Rauland er arrangør, i samarbeid med Universitetet i Søraust-Noreg. Festivalen er ein møteplass der forskingsformidling av folkemusikk og tradisjonskunst er ein viktig del av profilen.
Festivalen varer frå tysdag 11. februar til søndag 16. februar
Kontaktinfo
Festivalsjef Ingrid Hamberg mail: [email protected]