onsdag 5. april

Konsert i Rauland Kyrkje «Song frå strupe og streng»

«Song frå strupe og streng» 
Knut Buen, Ruth Wilhelmine Meyer og Anders Røine

Rauland Kyrkje
Onsdag 5. april kl 18.00
Bill: 350 kr (Vipps/Kontant)

Arr: Rauland Sokneråd & Rauland Folkeakademi

Ole Bull var oppteken av at fiolinen måtte synge som Malibran. Hennar stemme blei eit ideal for tonekvaliteten i instrumenta han sjølv spela på. Utgangspunktet for denne konserten er det same. Ruth Wilhelmine Meyer har ei stemme som kan oppfattast som instrumental i sitt skiftande mangfald. Anders Røine har stor røynsle frå å få instrumenta til å synge og det same har Knut Buen frå livet med hardingfeler. Det møtast difor i denne konsertproduksjonen til ei ytring og hylding kring song og songarar, men fyrst og fremst kring stemmemangfaldet til Ruth Wilhelmine Meyer.

Ut frå ein felles tradisjonsbakgrunn skaper dei tonar og tekstar som rønning på gamle røter og stemningsmetta musikk er siktemålet i mykje av musikken deira. Konserten reisar spørsmål som; Kva er samtidsmusikk? Er det ikkje eigentleg kva som er oppe og går av tradisjon og nyskaping til einkvar tid? Møtet mellom desse musikarane er basert på gjensidig respekt og inspirasjon av kvarandre. Kva dei einskilde stend for av eigenart er utgangspunktet for samansetninga av eit variert program med desse eineståande musikarane!

Konserten var opphavleg ein ny konsertproduksjon som hadde si premiere under Telemarkfestivalen 2018. Konserten vart då utseld, og konserten har ikkje vore synt fram siden. Difor er det no på høg tid! 

Tekst:  Kristoffer Mosfjeld

Datoonsdag 5. april