søndag 17. mai

17. mai på Rauland

Sidan den tradisjonelle 17.mai-feiringa ikkje kan gjennomførast, blir det ei annleis markering på Rauland.

Det blir «køyretøyparade» frå Rauland kyrkje kl. 11.30, burt til Rauland sentrum, rundt Nesland med avslutning utanfor Rauland skule, den store bussparkeringa. Der tutar me alle ein fin dag vidare og går kvar til sitt. Vanlege trafikkreglar er gjeldande. Det vert ein traktor i front, og ein fylgjebil heilt bakerst. Me oppmodar alle som har eit køyretøy til å stille i paraden. Det er veldig bra om du pyntar opp med flagg og anna. Dei som ikkje deltek i paraden, er velkomne til å stå langs ruta med flagg og fløyter.

Helsing komiteen

Datosøndag 17. mai