Sundagstur langs Synnøves sti!

Bli med Vinje Turlag på tur sundag 23. september.

Dette er ein flott og nokså lett tur over Heidalsnutan via Dansarsteinen.

Oppmøte kl 11.00 ved parkeringa til Dansarsteinen, på Fjellvegen over Kvambekkheia (bomveg, kontant eller SMS-teneste):

Vi går først til Dansarsteinen, 1,1 km, og tar så Synnøves sti vidare opp til topps og fylgjer høgdedraget over Heidalsnutan. Her går vi på god sti i idyllisk terreng, med små tjønner og utsikt i alle retningar. Høgste punkt er på 1104 moh. Stigen tar oss ned att ved det høgste punktet på Fjellvegen. Vi fylgjer så vegen ned att til parkeringa ved Dansarsteinen.

Heile turen er om lag 5,5 km. Det er og mogleg å parkere ein bil eller to på toppen av Fjellvegen, før oppmøte, for å korte ned turen og unngå dei siste 2 km langs vegen.

Du finn Fjellvegen og Heidalsnutan på kartblad 1514 II Åmotsdal.

Vi håper vi ser deg !

Hilsen Vinje Turlag

Bildet er fra Vidsyn på Vierlitoppen.