Bli med og skape folkevekst i Vinje

Publisert: 08.09.2021 14:09

Vinje kommune satsar no stort på å få fleire til å bli verande og flytte til Vinje. Målet er å auka innbyggjartalet med 200 personar på 6 år.  Saman med innbyggjarane, verksemder og hytteeigarar ynskjer me å finne dei beste løysningane for å auke innbyggjartalet.

No vil me kartleggje kva som er smart å gjere, og gjennomfører derfor ei spørjeundersøking.

Me ynskjer tilbakemelding på kva som gjer Vinje til ein god kommune å vere i, og kva som skal til for å få hytteeigarar til å flytte hit.

Med tilbakemelding frå dykk finn me dei beste løysingane.

Ein avgjerande faktor for å lykkast er at me spelar på sama lag, og spelar kvarander gode.

Me håpar alle hytteeigarar vil svare på denne spørjeundersøkinga : Lenke til spørjeundersøkinga.

Gå til undersøkelsen her

Her kan du lese meir om forstudien Folkevekst i Vinje:

Folkevekst i Vinje – VINJE KOMMUNE