Vintercamp i Tjønndalen!
| Bli med på familiecamp med overnatting, hundekøyring og skiturar/skileik i Tjønndalen laurdag 16. - sundag 17. mars! |
| I samarbeid med Tjønndalen Villmarksturer (http://www.hundespann.no/) og Heimigard Fjellaktivitetar (https://www.facebook.com/Heimigard) lagar vi ei eventyrleg helg med overnatting i lavvo eller snohole og mange aktivitetar! Du kan og ha med eige fjelltelt. HundekjøringAlle påmeldte får prøve å kjøre sitt eige hundespann og vere med i stell og fôring av hundane. Det er gode tilhøve skileik, skitur/topptur og aking på Tjønndalen – så dei som ikkje kjøyrer bikkjer treng ikkje å kjede seg. For dei som ønskjer noko heilt spesielt kan de vere med å grave snohole for eiga overnatting – og oppleve kor komfortabelt det eigentleg er å sove ute inne i snoen. Felles middag laga på bål i gammen laurdag kveld. Ta med det du ynskjer til andre måltid/bålkos. Overnatting skjer i lavvo/snøhole/fjelltelttelt.
Overnatting ute på vinterstid kan vere kaldt og krev godt, tjukt liggeunderlag, god sovepose og varme klede. Graving av snohole gjer at ein blir våt, viktig å ha med regnbukse og skiftetøy. Ta gjerne med gamasjar/fotposar/skoovertrekk, slalåmbriller og spade.
Tonje Orum i Barnas turlag Vinje og Thor Christiansen i Vinje turlag håper at små og store barskingar er klåre for ei spanande helg ute!
Oppmøte i Tjønndalen (Arabygdi), skilta "Tjønndalen Villmarksturer", laurdag kl 10:00. Påmelding innan fredag 07. mars! Aktiviteter for helga:
* Hundekjøring laurdag og sundag. Alle påmeldte får prøve å kjøre sitt eige hundespann og vere med i stell og fôring av hundane. NB! Overnatting ute på vinterstid kan vere kaldt og krev godt, tjukt liggeunderlag, god sovepose og varme klede. Graving av snohole gjer at ein blir våt, viktig å ha med regnbukse og skiftetøy. Ta gjerne med gamasjar/fotposar/skoovertrekk, slalåmbriller og spade. Pris:
(Mogleg å delta kun laurdag, då utan hundekøyring, ingen kostnad) Påmelding:Påmelding skjer til Tonje Orum, 99786757 eller Thor Christiansen, 95819180. Vêr- og føreatterhald. |
16. - 17. mars 2013
| man | tir | ons | tor | fre | lør | søn |
|---|---|---|---|---|---|---|
| V | V |
