Link tab title



Raulandsakademiet > Om Raulandsakademiet


- Overnatting - Kurs - Opplevelser

Raulandsakademiet
Telefon: 35 07 32 92
E-post: postSPAMFILTER@raulandsakademiet.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

Akademiet 2
N-3864 Rauland


Om Raulandsakademiet

Raulandsakademiet driver også under navnet Rauland Vandrerhjem Akademiet og er ein del av Norske Vandrerhjem. Her er det rimeleg overnatting i enkle, moderne rom heile året.

Raulandsakademiet ligg i fjellbygda Rauland i Vest-Telemark. I 1974 vart Rauland folkehøgskule og Akademi starta. Skulen var ein frilynt folkehøgskule og initiativtakarane var Noregs Ungdomslag, Noregs mållag og Norsk folkehøgskolelag. Linjene på folkehøgskulen var forming, økologi og friluftsliv, drama, filosofi og idehistorie. Folkehøgskulen vart lagt ned i 1987 og Raulandsakademiet Norsk senter for folkekultur blei stifta.

Bygningane på Raulandsakademiet vart sett opp i 1974. Arkitektane var Mogens Friis og Anne Tinne Kjelland Friis. Bygget er eit typisk og moderne bygg frå den tida med bruk av rå og ubehandla betong, kraftige takbjelkar og store vindaugeflater. Bygget er nå meir enn 30 år gamalt. Ved restaurering og oppussing av bygget legg vi vinn på å halda på den opprinnelege stilen i bygget.



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.