Link tab title



Raulandsakademiet > Kurskatalog > Slektsgransking - På sporet av familien


- Overnatting - Kurs - Opplevelser

Raulandsakademiet
Telefon: 35 07 32 92
E-post: postSPAMFILTER@raulandsakademiet.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

Akademiet 2
N-3864 Rauland

Liv Marit Haakenstad


Slektsgransking - På sporet av familien

Start dato: 10.07.2017

Slutt dato: 13.07.2017

Påmeldingsfrist: 29.mai

Kurs Nr.: 1724

Lærar: Liv Marit Haakenstad

Du har kanskje sett TV-serien: Hvem tror du at du er? Får du lyst til å grave i eigen historie?

Kom i gang med slektsgransking. Det er eit interessant og morosamt arbeid. Etikk er det skreve lite om i denne

samanhengen, og genealogisk metode er det knapt snakka om i Noreg. Emna blir ein generell del, ein med kjelder, og ein del med praktisk slektsgransking (metode). Vi set av tid til arbeid med eiga slekt kvar dag.

Liv Marit Haakenstad kom med ei bok i januar 2015 om grunnleggande slektsgransking. Kurset tek utgangspunkt i denne boka. Les meir om boka her

Kurs frå måndag kl 19 til torsdag kl 15. Påmeldingsfrist 29. mai

Kursplan:

Mål:Å få innføring i slektsgransking.

Ant. timar med lærar 22

Spesielle krav: Kurset er for dei som er nye, men også dei som er litt vidarekomande kan ha nytte av kurset.

Innhald/dagsplan:Undervisningstid

Måndag 1900-2100. Fyrst felles informasjon i Vesaassalen, deretter startar kurset på verkstaden.

tysdag og onsdag: kurs 0830-1600. Lunchpause 1200-1245

Torsdag: kurs 0830-1500

Hovudemne:

  • Introduksjon
    • Kva er slektsgransking
    • Etikk og bruk av kjelder
    • Organisering av slektsmateriale
    • Namn og namnetradisjonar
    • Litt om det gamle samfunnet
  • Kjelder – oversikt og bruk av dei
  • Genealogisk Metode – korleis bruke kjeldene  - slektsgransking!
  • Korleis skrive godt om slekt

Deltakarane kan ta med informasjon om eiga slekt. Noko kan diskuterast felles, noko individuelt.

Studiematriell:

Ta med noko materiale om eiga slekt.

Ta med bærbar PC og skrivesaker.

Slektsprogram som du bør ha:  

Gjerne

Legacy for PC - http://www.legacynorsk.com.

eller

Reunion for Mac - http://www.reunion-norsk.no/reunion-norsk.no/Reunion_11.html.

 

Litteratur: Liv Marit Haakenstad: På sporet av familien. Kilder og metoder i slektsgransking.

Kjøp på nettet for eksempel hos Tanum, Haugenbok (https://www.haugenbok.no) eller meld frå til Liv Marit Haakenstad så kan ho bestille felles. Pris kr 499.-

 

Vi gjer merksam på:

• Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.

• Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.

Arbeidsform:Førelesning, individuelt arbeid, diskusjon og rettleiing.

Pris:Kurs kr 3800,- Opphald og mat i 3 døger kr 2940,-

 

Lærar:         Liv Marit Haakenstad

Tlf.:             99 01 82 55

Adresse:     Karlsvognen 57, 2315 Hamar

E-post:        genithaaken@gmail.com

Web site:    www.genit.no      www.norwegianancestry.com

Les meir om Liv Marit Haakenstad

http://no.wikipedia.org/wiki/Liv_Marit_Haakenstad

10. - 13. juli 2017

man tir ons tor fre lør søn
 V  V  V  V      


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.