Link tab title



Raulandsakademiet > Kurskatalog > Partering og tilbereding av vilt.


- Overnatting - Kurs - Opplevelser

Raulandsakademiet
Telefon: 35 07 32 92
E-post: postSPAMFILTER@raulandsakademiet.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

Akademiet 2
N-3864 Rauland


Partering og tilbereding av vilt.

Start dato: 5.10.2017
Slutt dato: 8.10.2017
Påmeldingsfrist 24.august
Kursnr.: 1716
Lærar: Wibo van der Schuur

På dette kurset skal vi nytte heile dyret. Deltakarne får utdelt eit slakt og får vera med å partere. Så sant det er tilgang på vilt, for eksempel hjort, får deltakarne prøve seg på det.  Du lærer standard partering og tar ut steiker, biffar, filetar og grytekjøt. Av kjøtet lagar vi pølser, hjorterull, pinnekjøt av hjort m.m. Deltakarane får med seg heim det som blir laga på kurset. I tillegg til kursprisen kjem råvarepris. Wibo van der Schuur har arbeidd som slaktar og produktutviklar på Vinje Slakteri. Han bur nå I Nederland og arbeider som slaktar der. Kurs frå torsdag kl 19 til sundag kl 15. Påmeldingsfrist 24.august.

Ynskjer du 10% rabatt på kursavgifta?

 

Kursplan:

Mål: Du lærer standard partering og tar ut steiker, biffar, filetar og grytekjøt. Av kjøtet lagar vi pølser, hjorterull, pinnekjøt av hjort m.m.

Ant. timar med lærar 22

Spesielle krav: Ingen, berre interesse for faget

Innhald/dagsplan:

Undervisningstid

Torsdag 1900-2100. Fyrst felles informasjon i Vesaassalen, deretter startar kurset på verkstaden.

Fredag og laurdag: kurs 0830-1600. Lunchpause 1200-1245

Sundag : kurs 0830-1500

På dette kurset er alt avhengig av kva slag råvarer som er å få tak i. Truleg blir det hjort.

Deltakarane får med seg heim ferdig bearbeidd kjøt.

 

Studiematriell:

Forkle og hodetørkle. Skrivesaker.

God skarp kniv og stor skjerefjøl dersom du har.

Baljer eller liknande til å ta med ferdige produkt heim.

Husk å merk private saker med namn.

Avhengig av råvaretilgang og kva slag dyr som blir partert, kan råvarekostnaden bli ca kr 3000 per deltakar.

 Vi gjer merksam på:

•           Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.

•           Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.

Arbeidsform:

Fellesundervisning og individuell rettleiing.

Pris: Kurs 3800,- Opphald og mat i 3 døger kr 2940,-

Lærar         Wibo van der Schuur

Tlf.:       0031 614534328  

Adresse:   Nederland 

E-post:        wvbschuurSPAMFILTER@hotmail.com <%20bo-nordSPAMFILTER@online.no> (Fjern SPAMFILTER fra adressen) 

 

5. - 8. oktober 2017

man tir ons tor fre lør søn
       V  V  V  V


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.